Bråten ramma av vind og trått føre
Birk Ruud sikra norsk sølv under VM i friski i Park City. For Øystein Bråten vart gårsdagens slopestylekonkurranse ein nedtur.
VM i friski blir i desse dagar avvikla i Park City i Utah, USA. Øystein Bråten vart beste norske under sundagens Big Air-finale med ein åttandeplass. Han var også einaste norske i finalen.
Ikkje til finalen
Men favorittøvinga til torpingen og OL-vinnaren frå Pyeongchang er slopestyle. Både han sjølv og støtteapparatet rundt hadde difor forventningar til gårsdagens konkurranse.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men det gjekk ikkje Bråtens veg. Han kvalifiserte seg ikkje til slopestyle-finalen og enda til slutt på ein 24.-plass. Vinnar vart James Woods frå Storbritannia føre Birk Ruud. Nicholas Goepper frå USA tok bronse.
Vanskelege ver- og føreforhold
Ver- og føreforholda under gårsdagens konkurranse var svært vanskeleg. Ein av dei som vart offer for nettopp det var Bråten. Kraftig motvind og trått føre øydela sistehoppet. Farten vart for låg og Bråten landa på kulen. Dermed rauk også finalebilletten.
Damenes slopestylekonkurranse som også skulle vorte avvikla i går, måtte avlysast på grunn av vind og nedbør. Det same skjedde med tysdagens Big Air-konkurranse for snowboardarane. Her skulle Stian Kleivdal frå Geilo ha deltatt. Det er også tvilsamt om denne konkurransen i det heile blir gjennomført.
I tillegg til vanskelege ver- og føreforhold er det heller ingen tvil om at Bråten framleis er hemma av hofteskaden han pådrog seg i haust. Den gjorde også sitt til at konkurransegrunnlaget var dårleg før avreisa til Park City.
Fire deltakarar
Norge hadde fire deltakarar i slopestyle-konkurransen. Berre Birk Ruud kom seg til finalen av dei norske. Ferdinand Dahl vart nummer 13 medan Sebastian Schjerve vart nummer 20.