Bygger ny barnehage
Nes kommunestyre vil bygge ny barnehage.
Til no har det lege i korta at Briskebyen barnehage skal byggjast ut. Men kommunestyret bad i siste møte administrasjonen greie ut alternative løysingar for ein barnehage med inntil 4 1/3 avdeling. Samtidig blir det bede om eit kostnadsoverslag for dei trafikkmessige utfordringane for Briskebyen barnehage ved den noverande drifta og ved ei utbygging. Barnehageavdelingane i Høva og Tøllemoen blir lagt ned når prosjektet er ferdig.