Desse jentene gav Hallingdølen videopris
Hallingdølen vann videopris for ein reportasje om drilljentene på Torpo.
Prisen vart delt ut under fagkonferansen Gull & Gråstein for mediebedrifter på heile Austlandet. Konferansen blir arrangert i regi av Norsk Journalistlag. Fredag vart journalist Sindre Thoresen Lønnes i Hallingdølen ropt opp som vinnar i videokategorien for ein reportasje om drilltroppen på Torpo.
Lønnes hadde laga to av dei tre reportasjane som var nominert i videokategorien, «Julehuset» og «Drilltroppen». I tillegg var NRK Østfold nominert med ein reportasje om nedlegginga av Rygge flystasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Små ressursar – lite tid
– Stas at éin journalist frå ei lita avis kan hevde seg mot større redaksjonar og TV-kolossen NRK?
– Me har nok ei litt ulik tilnærming til å lage video. Hallingdølen har ikkje så store ressursar og må bruke kortare tid. I dette tilfellet brukte eg to ettermiddagar saman med drilljentene, til saman tre timar. I tillegg gjekk det med ein dag til å redigere, seier han. Reportasjen vart laga før 17. mai i år. Lønnes hadde då nyleg flytta inn i nytt hus i Opheim. Han synest det er ekstra stas at det er hans nye heimbygd som vart heidra med pris.
– Folka i denne reportasjen møter eg dagleg i butikken eller på veg til og frå barnehagen, seier prisvinnaren.
NRK og Hamar Arbeiderblad
Konferansen har blitt arrangert annakvart år sidan 2006. Målgruppa er dei kring 5.000 journalistane som bur i Oslo, Akershus, Østfold, Vestfold, Telemark, Buskerud, Oppland og Hedmark.
Ved sida av forelesingar om faglege emne, er det også kåringar og prisutdeling. Gull & Gråstein-prisen 2017 gjekk i år til Thor Øistein Eriksen, Veronica Westrin og Line Tomter frå NRK Telemark for eit graveprosjekt om First House og Telemark fylkeskommune. Fotograf Christian Erik Bergheim frå Hamar Arbeiderblad tok fotoprisen for eit velkomponert bilete av Skibladner.
Juryen fall for hovudpersonen
Juryen meinte «Drilltroppen» fortalde ei nydeleg historie om noko lite, men viktig i eit lokalmiljø.
– Eg prøver å fortelje historier om miljø gjennom dei folka eg møter. I dette tilfellet var det også eit mål at alle jentene i drilltroppen skulle vere med. Eg plasserte dei, éin og éin, framfor ein grøn vegg og let dei få vise fram drillkunstane, seier Lønnes. Det er dette visuelle grepet juryen trekkjer fram i grunngjevinga.
– Filmen skil seg ut fordi reportasjen inneheld eit visuelt konsept. Gode og gjennomtenkte grep drar oss gjennom historia, som også har ei god avslutning. Filmen har også ein herleg hovudperson som sjåarane fell for. Ho er neppe tilfeldig vald, heiter det frå juryen, som har blitt leia av NRK-journalist Ragnhild Ås Harbo.