Samla for å minnast Lars
Onsdag, to dagar etter snøskredulukka der Lars Eriksen (42) mista livet, samla vener og familie seg øvst i skiheisen i Hemsedal.
Øvst på Totten 2, 1497 meter over havet var ei stor folkemengd samla like før klokka 15, for å heidre snøbrettentusiasten som døydde julaftan.
Eriksen vart teken av eit skred i Tottenveggen måndag like før klokka 14. To timar seinare vart han funnen omkomen i skredet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skiparkekspert
Lars Eriksen har vore tilsett i Hemsedal Skisenter, og var kjent som ein av landets fremste ekspertar på å konstruere skiparkar. Den tragiske ulykka har sett sterke spor både i Hemsedal og i snowboardmiljøet i Norge.
I 2009 fekk Eriksen æresprisen under Snowboard Awards for det store arbeidet han har gjort for denne idretten.
Elska fjellet
Samhaldet stod sterkt under minnestunda onsdag, der barn, unge og vaksne tok vare på kvarandre med klemmar og trøystande ord. Lys og faklar vart tent, og ein av kameratane til Lars Eriksen heldt minnetale.
– Lars hadde eit utruleg stort hjarte. Det kan me sjå på kor mange som møter opp her i dag. Eg er sikker på at han hadde vore glad for å sjå det, seier Jon Frogner kamerat og brettkøyrar frå Oslo.
– Han har betydd utruleg mykje for snøbrettmiljøet. Ein pioner innan utvikling av snøbrettsporten. Han har verkeleg sett Hemsedal på verdskartet og har vore sentral i å legge premissane for snøbrettsporten i Norge gjennom engasjementet sitt. Eg oppfatta han som ein utruleg sjenerøs person. Han elska fjellet og flytta til Hemsedal for å kunne leve dette livet, seier han til Hallingdølen.
Heidra
Frogner anslår at det var 200–300 frammøtte på fjelltoppen, nøyaktig to dagar etter snøskredet eit stykke unna skisenteret.
– Det er fint å møte andre som var glade i Lars, heidre minnet hans og dele fine opplevingar saman, som er mogleg på grunn av han. Eg snakka akkurat med nokre vener eg har fått for livet, nettopp på grunn av Lars, seier kameraten.
Lars Eriksen jobba med alt frå barn til snøbrettstjerner. Han var perfeksjonist og utruleg audmjuk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Han gjorde alt han kunne for å passe på og hjelpe dei rundt seg, fortel Frogner.
Tragisk
Då Frogner høyrde om ulukka julaftan, vart han veldig uroleg. Han frykta det var nokon han kjende.
– Så var det ein av dei som står meg aller nærast. Ein kan jo tenkje seg kor fælt det er. At det hende på julaftan av alle dagar, er jo det mest tragiske utfallet, seier han.
Etter minnestunda på fjellet køyrde dei frammøtte ned løypene i samla flokk, før dei møttest på Hemsedal Cafe klokka 16.
I sorg
Kameraten som var med då skredet gjekk og såg Lars Eriksen forsvinne i snømassane, Henrik Engh, sette stor pris på Lars, men har ikkje så mykje overskot til å snakke.
– Han var ein bra mann. Han levde livet, seier han.
– Ei ubeskriveleg legende, med eit stort hjarte og eit pågangsmot ut av ei anna verd. Ein utruleg god venn som aldri vil bli gløymd, legg venninna Siri Faafeng til.