Knuste døra hjå gullsmeden
Med ein stor stein har nokon knust inngangsdøra og brote seg inn hjå Gullsmed Elin Riiber i Gol natt til fredag.
Det er førebels uklart kor mykje som eventuelt er stole frå Gullsmed Elin Riiber i Gol.
Politiet har fredag morgon sperra av området, så ingen kjem inn i butikken. På staden ser det ut til at ein eller fleire gjerningspersonar har kome seg inn ved å knuse inngangsdøra med ein stor stein.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gullsmed Elin Riiber har vore utsett for ei lang rekkje innbrot, seinast i fjor haust.
Politiet melde om nattas innbrot klokka 4.46 fredag morgon.