Tradisjonsrik juletrefest i Hemsedal

Det blir juletrefest i god gamal stil på Hugnadheim i Hemsedal fredag 29. desember.

Mange har travle dagar heile jula, men kanskje skal du legge inn ein triveleg ettermiddag på Hugnadheim denne romjula? Er du kanskje ny i bygda, utflytt hemsedøl på juleferie, eller brukar du alltid få med deg årets juletrefest? I

Artikkelen held fram under annonsen.

det koselege ungdomslagshuset Hugnadheim vert det ei avslappa jule-stemning, med underhaldning, leikar, gang rundt juletreet, loddsal og stor sjanse for at også nissen kjem innom. Ta med deg vener, familie, eit matfat, gjerne litt kontantar til loddsal, godt humør, og bli med og før denne gode tradisjonen vidare.