Førebur seg på det verste
Måndag var det øving i bratt terreng i Hemsedal.
Skistar inviterte til demonstrasjon og øving i alpin redning. Med trendar i friluftsliv i tankane, vart det øvd på å redde ut tre personar frå skred i bratt fjellside. Både politi, alpine redningsgrupper, sea king-helikopter, Røde Kors, skipatruljen og redningshund-ekvipasjar deltok. Det krevst spesialisert redningspersonell under slike bratte forhold.
Det er liten tvil om at det kan gå skred i påska. Så alle instansar er førebudde og i påskeberedskap. Det stadig aukande talet av folk som går toppturar og køyrer i bratt lende, gjer at også redningsmannskap må øve.
Artikkelen held fram under annonsen.
Langs vegen opp i Holdeskaret kunne skodelystne få eit innblikk i kva for ressursar som må til for å redde folk ut av vanskelege område.