Her går det opp for Øystein Bråten at han har vunne sitt andre X-Gamesgull på to månader.
Her går det opp for Øystein Bråten at han har vunne sitt andre X-Gamesgull på to månader.

Dei håpar på OL-billett

Med under to månader att til OL, er det fleire hallingar som har grunn til å håpe på billett.

Dei siste åra har det vore mange hallingar i den norske OL-troppen. I 2006 var Håvard Bøkko åleine som lokalt innslag i Torino-OL. Han avløyste Ådne Søndrål som takka for seg etter Lake Placid i 2002.

I 2010 var dei sju, tre på brett, tre på skøyter og ei i skicross. Fire år seinare sette dei ny rekord. Då var heile åtte hallingar med i meisterskapen. Beste plassering vart Andreas Håtveit sin fjerdeplass i slopestylefinalen på ski. Der var også Øystein Bråten i finalen, og vart nummer ti. Finale vart det også på broren, Gjermund, som stilte på brett berre to månader etter at han vart alvorleg skadd i USA. Han vart til slutt nummer 12.

Artikkelen held fram under annonsen.

VINTERENS LEIKAR blir neppe eit rekordår for hallingane. Men regionen har fleire aktuelle kandidatar. Nokon har også medaljesjansar etter prestasjonane i sesongstarten å døme. Av desse er nok nemnde Bråten eit av dei største medaljehåpa. Etter to X-Gamesgull i fjor meinte dåverande sportssjef i freeski, Christopher Frankum, at torpingen hadde meir inne, og ville bli gullkandidat til OL.

I Sør-Korea kan Bråten få OL-selskap av Tiril Sjåstad Christiansen, som har ambisjonar etter returen frå Sotsji. Då vart ho sendt heim med kneskade. Skade har også prega OL-oppladinga hennar. Om ho blir klar til Pyeongchang, er ho også medaljekandidat.

PÅ FLYET OVER får dei truleg selskap av minst to skøyteløparar. Mykje skal skje om ikkje Bøkko-syskena stiller på isen i Sør-Korea.

Øystein Bråten vann X-Games på heimebane.
Øystein Bråten vann X-Games på heimebane.
Om kneet toler det, er Tiril Sjåstad Christiansen medaljekandidat i Pyeongchang.
Om kneet toler det, er Tiril Sjåstad Christiansen medaljekandidat i Pyeongchang.
Vetle Sjåstad Christiansen.
Vetle Sjåstad Christiansen.
Pål Golberg har slått tilbake i comebacksesongen på landslaget.
Pål Golberg har slått tilbake i comebacksesongen på landslaget.
Håvard Bøkko får bronsemedaljen for 1500 meter skøyter i Richmond Olympic Oval i OL i Vancouver i 2010.
Håvard Bøkko får bronsemedaljen for 1500 meter skøyter i Richmond Olympic Oval i OL i Vancouver i 2010.
Hege Bøkko under verdscupen i Stavanger i november.
Hege Bøkko under verdscupen i Stavanger i november.
Henrik F. Rukke har senka sin eigen pers på 500m med mange tidelar før jul.
Henrik F. Rukke har senka sin eigen pers på 500m med mange tidelar før jul.
Tomas Markegård.
Tomas Markegård.
Stian Kleivdal.
Stian Kleivdal.
Anders Emil Schiellerup.
Anders Emil Schiellerup.

Der kan dei òg få selskap av Henrik Fagerli Rukke, som har senka eigne rekordar fleire gonger i verdscupstarten.

Skisprinten i Pyeongchang går i klassisk stil. Det bør passe Pål Golberg, om han får sjansen. Han har vore klar på at det er OL-sprinten som er hovudmålet i vinter. Førebels ser det lovande ut for 27-åringen, etter ei sterk verdscupopning.

I tillegg til desse hadde Maria Tviberg vore ein opplagt kandidat. Men geilojenta skadde seg alvorleg, seint i november, og kan ikkje tevle på ubestemt tid.

AKTUELLE UTØVARAR:

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Øystein Bråten - friski

Født 21. juli 1995 Frå Torpo

OL-historikk: Var i OL i Sotsji i 2014. Kom til finalen og vart nummer ti.

Min OL-draum: OL-draumen min er å kome til Sør-Korea og få vist fram det beste av skikøyringa mi. Eg drøymer også om blå himmel og fine forhold desse dagane.

{{imageLeft}}

Tiril Sjåstad Christiansen - friski

Født 7. april 1995, frå Geilo

OL-historikk: Var i OL i Sotsji i 2014, men reiste heim før treningane begynte grunna korsbandskade i kneet.

Min OL-draum: Sjølvsagt å ta OL-gull! Men først og fremst er det å kome seg til OL, og at kneet fungerer bra. Det å få oppleve eit OL, og alt det som høyrer med, er min draum.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Vetle Sjåstad Christiansen - skiskyting

Født 12. mai 1992, frå Geilo

OL-historikk: Reserve i OL i Sotsji. Gjekk ikkje.

Min OL-draum: Min OL-draum er absolutt å kvalifisere meg til denne meisterskapen, og få sjansen til å gå. Eg var reserve under OL i Sotsji, og det fristar ikkje ein gong til. Eg fekk veldig gode erfaringar under prøve-OL. Ein fyrsteetappe for Norge under stafetten er noko eg har veldig lyst til å gå.

{{imageLeft}}

Pål Golberg - langrenn

Født 16. juli 1990, frå Gol.

OL-historikk: Var i OL i Sotsji i 2014, men fekk berre gå 15 km klassisk då han kom inn som reserve. Der vart han nummer 18.

Min OL-draum: Eg håpar å stå på startstrek og vite at eg har gjort ei så optimal førebuing som mogleg.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Håvard Bøkko - skøyter

Født 2. februar 1987, frå Hovet

OL-historikk: Debuterte med 4.-plass på lagtempo og fall på 1500m under OL i Torino i 2006, bronse i Vancouver i 2010, 6.-plass på 1500m, i Sotsji i 2014.

Min OL-draum: Dei aller fleste som driv på med idrett drøymer om OL-medalje, og aller helst gull. Sjølv om eg har ei bronsemedalje frå 2010, er eg svolten på meir. I år håpar eg på å få gå nokre distansar i OL, og å vere ein del av lagtempolaget som har gullambisjonar.

{{imageLeft}}

Hege Bøkko - skøyter

Født 5. september 1991, frå Hovet

OL-historikk: Debuterte i OL i Vancouver i 2010, med ein tiandeplass på 1000m. Gjekk også 1500m. I 2014 var beste plassering sjuandeplass i lagtempo.

Min OL-draum: Å stå øvst på pallen, få gullet rundt halsen og høyre nasjonalsongen. Det er nok ein draum dei fleste toppidrettsutøvarar har, og eg er ikkje noko unntak. Målet er medalje og det hadde vore ekstremt stort å berre ta steget opp på pallen å få ein olympisk medalje rundt halsen.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Henrik Fagerli Rukke - skøyter

Født 20. oktober 1996, frå Hol

OL-historikk: Ingen.

Min OL-draum: Min OL-draum er nok som dei aller fleste andre, å ta OL gull eller medalje! Men også det å vera ein del av noko så stort som eit OL, vera del av eit stort lag som saman representerer landet me er så stolte av. Så min OL-draum er også det å få lov til å vera med som utøvar og få representere Norge. Samtidig er det flott å få sjansen til å bli kjent med så mange nye menneske, og skape nye vennskap.

Outsiderar

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

På europacuplag i alpint:Bjørn Brudevoll, Tomas Markegård.

Rekrutt/juniorlag snøbrett:Stian Kleivdal.

{{imageLeft}}

På landslag i skiskyting:Anders Emil Schiellerup, Geilo, konkurrerer internasjonalt for Danmark.