Vebjørn Opsata (17) gjer seg klar til stolpeklatring. Fredrik Garnås frå Hallingdal Kraftnett instruerer.
Vebjørn Opsata (17) gjer seg klar til stolpeklatring. Fredrik Garnås frå Hallingdal Kraftnett instruerer.

Kva yrke skal eg satse på?

Denne veka har yrkesmessa på Storefjell besøk av over 1000 skuleelevar frå heile Hallingdal.

Det vrimlar av ungdommar rundt standane i messehallen på Storefjell. Konsentrert klatrar Vebjørn Opsata (17) oppover ein lyktestolpe. På kroppen har han klatresele, på føtene er det festa stolpesko.

– Det er viktig at du bevegar føtene roleg, forklarar Fredrik Garnås frå Hallingdal Kraftnett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter litt prøving og feiling kjem Vebjørn seg heilt til topps.

– Moro å prøve dette. Det var ikkje fullt så enkelt som eg hadde trudd, smiler han då han kjem ned på trygg grunn att.

Som mange andre av ungdommane på messa synest han det er fint med ein litt annleis dag, og brukar tida godt til å sjå på alle demonstrasjonane rund om.

Over 100 yrke

For bedriftene er yrkesmessa ein viktig plass for å vise seg fram. Hallingdal Kraftnett var ein av nesten 50 utstillarar som til saman representerte over 100 forskjellige yrke og yrkesval.

– Me vil syne at me er ein attraktiv arbeidsplass i Hallingdal. Her møter me mange engasjerte ungdommar, fortel planingeniør Asle Olav Garnås.

Målet med yrkesmessa er todelt. Det eine er å syne elevane kva for valmoglegheiter dei har i arbeidslivet. Her høyrer det også med å hjelpe dei å finne fram til utdanningsvegen for dei ulike yrka. Vidare gir yrkesmessa næringsliv og offentleg forvaltning høve til å syne fram utvalet av arbeidsplassar i Hallingdal. Dette er viktig i arbeidet med å få ungdom til å søke seg attende til dalen seinare i livet.

God balanse

Prosjektleiar for yrkesmessa Pål Rørby er nøgd med gjennomføringa.

– Utstillarane har gjort ein god jobb med å engasjere ungdommane. Det er ein god balanse mellom informasjon om fag og leik og moro. Det er også ei god blanding av teoretiske og praktiske yrkesval, seier Rørby.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med ulike aktivitetar og konkurransar var det mykje for elevane å ta seg til. I tillegg hadde mange i skuleoppgåve å intervjue dei ulike yrkesgruppene.

Spennande

Anne Skrindo Danielsen (14) og Beate Bjella (14) frå Ål ungdomsskule valde å intervjue ein representant frå designbyrået Kreator.

– Eg synest det virkar spennande med eit kreativt yrke, seier Beate.

Dei to jentene har hatt godt utbytte av messa og har fått sjå mange spennande yrke og studieretningar.

– Sjukepleiar er eit interessant yrke. Og så virkar det moro å kunne gå på ein vidaregåande skule med naturbrukspesialisering slik som på Rosthaug vgs., seier Anne Skrindo Danielsen.