God 1500 meter av Juven
Sondre Juven sprang det fyrste av tre planlagde løp innandørs laurdag.
Under eit stemne i Nes Arena på Romerike sprang han 1500 meter på 4,04,37. Dette er hans nest beste løp på distansen, og midt i grunntreningsperioden med snø og is som treningsunderlag, var dette ein god start på sesongen. Vinterens hovudmål for 16-åringen frå Nesbyen er NM innandørs i Bærum fyrste helga i mars.
Andre Nesbyen-løparar var også i aksjon laurdag. I Tyrvinglekene sprang Abigail Ogoti (14) 60 meter og hoppa lengde. Resultata vart 8,86 på 60 meter og 4,21 i lengde. I dette stemnet deltok også Sivert Juven på 600 meter i 13-årsklassen. Tid: 1,54,16.