Ingen vart skadd
To personar vart sende til legesjekk etter ein hyttebrann ved Holdeskaret i Hemsedal natt til sundag.
Fire personar vakna av at det brann på utsida av hytta dei budde i natt til sundag. Dei kom seg raskt ut og varsla brannvesenet. Det er ikkje meldt om personskade.
– Politiet har no reist frå staden, men brannvesenet er der framleis. To personar vart sende til rutinesjekk hjå lege, etter å kanskje ha fått i seg røyk. Brannvesenet var raskt på staden og fekk starta sløkkingsarbeid. Då var brannen delvis sløkt med pulverapparat, opplyser operasjonssentralen ved Sør-Øst politidistrikt sundag morgon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet fekk melding om brannen ved 2-tida natt til sundag.