30 år på Fagerdalen
I 30 år har Anne-Lise Søndrol drive med støl i Fagerdalen i Hol. Men ho seier sjølv at ho aldri hadde klart det utan god hjelp frå familien sin, budeiene og gode venner.
– Eg har ein fantastisk familie som stiller opp og hjelper til når dei kan. Eg hadde aldri kunne drive med dette om eg ikkje hadde hatt dei. Fagerdalen støl ligg langt inne på vidda, midt mellom Stolsvassdammen i Hol og Rødungen i Ål. Me sit i gamlefjøset, som er gjort om til ein koseleg matsal. Anne-Lise er travelt oppteken. Rett som det er sprett ho på beina for å ordne noko.
– Eg kjem opp med ideane, og mannen min Leif Rune er den som utfører dei, fortset ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stølsbord
Det er eit jamt tilsig med folk heile tida. Denne sundagen er det ei bordsetning kl. 13, og ei kl. 14.30. Deretter kjem det ei busslast som har bestilt mat til kl. 16. Så her går det i eitt heile dagen.
– Det blir ganske travelt, smiler ho.
Mjølkekyr
Gamlefjøset er gjort om til festlokale, men ho har dyr på stølen. Denne sommaren er det 10 mjølkekyr i Fagerdalen, pluss grisar, gamalnorsk spælsau og moskusender med ungar og kaninar. Nokre hestar går også på utsida, men dei er med i eit følgje som sit inne og et.
– Me leverer ikkje ein drope med mjølk til Tine. Alt blir foredla her på stølen, og brukt til rømme, trøgost, kuost, smør og andre stølsprodukt, fortel ho med ein latter. Latteren og smilet sitter laust hjå Anne-Lise.
– Eg var på stølen i godt 10 år med ho gommo, og ho lærde meg alt om å foredle mjølka. Seinare sat eg på stølen med ho mamma, og no har eg vore her sjølv 30 år som budeie. Det har vore 30 fantastiske år. Kvar dag er forskjellig, og eg har så mange gode folk rundt meg, i tillegg til familien og budeiene, som gir meg masse energi, smiler ho.
Ho er ikkje snau om å be gode venner om hjelp dersom det skulle bli mykje folk og arbeid ein dag.
– Eg er aldri i beit. Det er alltid nokon som kjem og gir meg ei hand. Det er så triveleg når det er slik, syns ho.
Feriejobbing
– Dette er ferien min. Her er eg når eg har fire veker fri frå den vanlege jobben min, fortel Bente Øvstun frå Lindås. Ho er firmenning med Anne-Lise og er budeie på andre året.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg håpar inderleg det blir fleire år, for eg trivest så godt med å vera her i desse fire vekene. Kanskje blir det seks veker neste år, ler ho.
– Eg prøver å vera her så mykje eg kan innimellom jobbinga, opplyser Ivar Søndrol Valseth, yngstesonen. No har han turnusfri, og er på stølen for å hjelpe mor si. Broren Knut Søndrol Valseth er også på plass. Ivar spring litt att og fram mellom kafeen og gamlefjøset, medan Knut står å hjelper gjestene med maten i gamlefjøset. Begge syns det er utruleg kjekt å vera med. Dotter til Anne- Lise og Leif Rune har ferie no, men er også på stølen når ho kan.
– Me er vaksne opp med dette og har vel eigentleg blitt litt avhengig, ler Ivar. Han reiser heller på stølen enn til Syden.
Full jobb frå morgon til kveld
– Sjå her skal du få smaka litt saft av geitrams, seier Anne-Lise og set eit glas med rosa saft framfor journalisten. Underteikna er litt skeptisk med ei gong, men tek ein slurk, og blir positivt overraska. Safta smakar heilt nydeleg.
– Den vart ferdig akkurat no. Hadde jo tenkt den skulle bli ferdig til første bordsetning med stølsbord i dag, men rakk det dessverre ikkje. Neste runde med gjester skal få smake, fortset ho.
Ho er oppe nesten før hanen gjel. Ho mjølkar kyr, kinner smør, kokar kaffi, vaskar opp for hand, lagar rømme og ost kvar einaste dag, og alt skal vera klart før kaféen opnar kl. 12. Dette gjer til at morgonane fort kan bli litt korte.
– Dei dagane det er roleg her, så kjedar me oss, ler ho. Ho likar det best slik, å ha det travelt. Det gir energi. Alt ho har av mat på stølsbordet eller i kafeen har ho laga sjølv mellom øktene. Slikt må ein ha godt med energi for å klare.
Servise til seks
– Eg må le litt når eg tenker på oppstarten. Eg reiste med friskt mot til Bohus og kjøpte inn servise til seks personar. Det skulle halde til både kaffi, kvikaku og rømmegraut, minnest ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det tok ikkje lang tid før ho måtte ned att etter meir. Ho vaska opp i eininga, for det var folk innom heile tida og skulle ha mat og drikke. – Eg var nok litt beskjeden når eg trudde det skulle halde, ler ho.
I dag har ho porselen til rundt 80 gjester. Men når det blir mykje folk, som under dagens «stølsbord», går det i papp. Stølsbord er høgdepunktet på sesongen, det har dei ein gong kvar sommar.
– Det blir mykje oppvask når det er så mykje folk innom som i dag.
– Ja, her er det plass til 60 gjester om gongen, skyt Leif Rune Valseth inn, mens han tørkar over borda og går forbi oss. Då kan ein sjølv tenke seg kor mykje oppvask det kan bli av to- til tre bordsetningar.
Vidareføring av tradisjonar
Anne-Lise er opp att av norske støls- og mattradisjonar. Dei må haldast ved like.
– Folk kjem hit for å sjå koss me har det her. Dei spør og lurar, og er veldig nysgjerrige på korleis dagen min er, fortel ho.
Ungane hennar har vore med å jobba sidan dei var små. Dei har vaska mjølkespann og gjett kyr, dei har bore vatn og ved.
– Me hadde ikkje tv her inne. Då eg spurde om eg skulle skaffe meg ein tv, og då protesterte ungane vilt. Det skulle ikkje vera tv på stølen, ler ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Om nokon vil starte opp med å drive stølskafe, har du nokre gode råd?
– Ja, det er berre å anbefale, men ein må vera seriøs, meine noko med det, og ha yrkesstoltheit. Bruke dei produkta ein sjølv produserer på stølen. Ikkje for det, det ein ikkje produserer sjølv, som for eksempel ekta geitost, kan ein jo selje for andre lokale aktørar, avsluttar Anne Lise Søndrol, før ho sprett på beina for å begynne å koke neste runde med rømmegraut.