Ein halv million til energitiltak
Ålingane henta ut godt og vel ein halv million kroner i fjor frå det kommunale energitiltaksfondet.
Ordninga er sett i verk for å stimulere innbyggjarane til å investere i tiltak som gjer at dei sparer energi. Pengane kommunen på denne måten gir ut, blir henta frå overskotet til Ål kraftverk KF.
Det er framleis dei enkle og relativt rimelege tiltaka som dominerer lista over søknader. Og det vil i praksis seie varmepumper basert på luft til luft og vedomnar. 48 søkjarar fekk i fjor tilskot til slike varmepumper med totalt 222.383 kr. 44 fekk innvilga tilskot til kjøp av reintbrennande vedomnar med totalt 104.928 kr. To søkjarar fekk tilskot til luft til vatn varmepumper med 28.000 kr. Fire fekk til vatn til vatn varmepumper med 83.567. Åtte fekk til isolasjon av kalde loft med 18.613 kr. Tre fekk til sentralt styringssystem med 5000 kr. 26 søkjarar fekk 60.000 kr til skifting av vindauge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Total utbetaling i fjor var på godt og vel 522.000 kr fordelt på 135 søkjarar. Summen er noko mindre enn for 2010.