Uvanleg låge straumprisar
Låge straumprisar er dårleg nytt for kraftkommunane Ål og Hol.
Mot slutten av forrige veke nådde straumprisane det som ifølgje Energi Norge var uvanleg lågt:
Under tre øre/kWh. Og straumprisane blir spådd låge også dei kommande månadene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slutt på store overskot
Dei låge straumprisane er godt nytt for forbrukarane.
Men for kraftkommunane betyr det mindre pengar i kommunekassa.
– Det er slutt på dei store overskota. Slik sett ser det ikkje lystig ut framover, seier dagleg leiar i Ål Kraftverk, Geir Tretterud.
Han kunne forrige veke rapportere om straumprisar ned mot 5 øre/kWh mot 10–15 øre/kWh i fjor. Men den store nedgangen heng også saman med at Ål no følgjer spotprisen slavisk mot den tidlegare prispolitikken som innebar ein variert pris basert på utviklinga i kraftmarknaden, såkalla standard variabel pris. Omlegginga vart gjort for å sørge for betre prissikring, men Tretterud kan ikkje love meir inntekter til kommunekassa i år enn i fjor. Då vart det budsjettert med 26 millionar kroner.
– Prognosane for inntektene er på nivå med fjoråret, kanskje litt lågare, seier Tretterud.
– Følgjer med
Ein kald vår med sein snøsmelting er ei av årsakene til låge prisar.
Det er også mykje fornybar energi i marknaden som igjen fører til lågare prisar på kol. Prognosane fram til 2020 er ikkje lovande før kommunane.
– Me følgjer med. Og Ustekveikja Energi er på hogget, seier ordførar i Hol, Tony A. Kjøl (H).
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen har nytt godt av kraftinntekter, og gjer det framleis, men framtida er meir usikker.
– Det er litt både og. For forbrukarane er det jo bra. Og slik det er i dag, på grunn av ein treårig sikringsstrategi me har, er det ikkje krise for oss. Men skal det halde fram slik, vil me merke det. Me får håpe det snur snart, seier Kjøl.