Praktiske fag slit med dårleg rykte
Mari Berg Tafjord (17) og Bjørnar Hefte (19) hadde neppe valt teknisk utdanning hadde det ikkje vore for industripatruljen.
I eit klasserom på Geilo ungdomsskole sit 10.-klassingane på rekkje og rad, nokre med augo og øyre opne – andre ikkje. Framfor seg har dei industripatruljen – fem ungdommar som alle snakkar varmt om teknikk og industriell produksjon (TIP). Yrkesfag opnar fleire dører enn folk trur, seier dei frå podiet.
– Ein yrkesarbeidar blir lett sett ned på, men det er ufatteleg mange mogelegheiter, seier Bjørnar Hefte (19) til Hallingdølen etter seansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Patruljen avgjorde
Den unge golingen hadde neppe valt tekniske fag sjølv dersom det ikkje hadde vore for industripatruljen.
Det handlar både om haldningar, fordommar, rykte og kunnskapsmangel. No er han sjølv ein del av patruljen, utsend for å motverke det som hindrar ungdom i å velje praktiske fag.
For kven er det som avgjer kva for val av utdanning ungdommen tek? Foreldre? Søsken? Klassekameratar? Dei unge sjølve?
– Det var patruljen som hjelpte meg, seier han. Til sommaren kan han kalle seg platearbeidar etter å ha hatt læretida hos Gol stål AS.
Betalt under utdanning
Lærebedriftene ønskjer stabil og gjerne lokal arbeidskraft velkommen. Det er nok av årsaker til at dei har engasjert seg. For lærlingar som gjer ein god figur kan det bety jobbtilbod etter ferdig utdanning.
– Det er ein rask veg til gode pengar, seier Jonas Bekkestad (20). Studielånet treng ikkje bli uoverkommeleg heller, for ved å gå yrkesfag kan ein få betalt under utdanning, uansett kor langt ein ønskjer å gå.
Bekkestad har førebels sikta seg inn på å bli produksjonsteknikkar, som ein av dei aller første i Buskerud. Læretida fekk han hos industribedrifta Hallingplast.
Fleire måtar å bli ingeniør på
Åse Margrethe Kleven (19) hadde gode skuleresultat å vise til. Ho starta på studiespesialisering på Gol vidaregåande skule, med mål om å bli ingeniør, men forstod raskt at meir teori ikkje var rett for henne.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då eg sa frå meg plassen trudde eg at eg måtte gi opp draumen om å bli ingeniør, men det er jo feil, seier ho. Det er berre ein litt annleis veg.
Dagleg leiar i Gol Stål AS, Bente Bratvold, er klar på at ho føretrekker tekniske ingeniørar framfor teoretiske.
– Me vil heller ha ein ingeniør som kjem frå praktiske fag enn ein teoretikar. Det handlar om å kunne bruke verktøy og klare å løyse praktiske problem, seier ho.
Auka karaktersnitt
Det er mykje snakk om fråfall i vidaregåande utdanning. Fordelen med yrkesfag er at det er fleire små toårssprang og at ein alltid har noko å falle tilbake på.
Stig Boholm, rådgjevar ved Ål vidaregåande skole, kan vise til ein vesentleg auke i søkinga til TIP dei siste åra. Dermed har også karaktersnittet auka. Han set det i samanheng med industripatruljen.
– Me ser at jobben industripatruljen gjer har god innverknad, seier han.
– Lærte meir av praksis
Tilbake i klasserommet på Geilo står Mari Berg Tafjord. Også ho søkte seg denne vegen på grunn av patruljen. 17-åringen frå Hol går andreåret på TIP, som ei av få jenter.
– Eg søkte meg ikkje hit på grunn av venner, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Åse Margrethe Kleven går læretida si i stavangerbedrifta OneCo Solutions.
– Eg har lært meir på eit halvt år i lære enn gjennom tre år på skulebenken. Ein blir ikkje klok berre med bok, seier ho. Snart er ho ferdig utdanna automatikar, men ingeniørdraumen lever vidare.
* Industripatruljen starta som eit prosjektet i samarbeid mellom NHO, Norsk Industri og industribedriftene i Hallingdal.
* Elevar som sjølv har gått teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Ål vidaregåande skole, er ambassadørar for faget.
* Etter at prosjektet kom i gang har talet på søkjarar til teknisk utdanning auka.
* Årets patrulje er elevane/lærlingane Mari Berg Tafjord (Ål vgs.), Bjørnar Hefte (Gol Stål), Åse Margrethe Kleven (OneCo Solutions), Jonas Bekkestad (Hallingplast) og Erlend Stenberg (E-CO).