Haraldset fekk halvparten av førehandsstemmene
Førehandsstemmene er klare. Dei gir ein peikepinn på korleis kommunevalet i Hallingdal vil ende.
Nes
Bygdelista ser ut til å kunne juble i Nes. Dei har fått halvparten av førehandsstemmene:
Bygdelista: 50,0
Artikkelen held fram under annonsen.
Høgre: 22,2
Sp: 15,7
Ap: 12,1
450 stemmer
- Dette hadde eg ikkje drøymt om. Det var overraskande, er fyrste kommentaren til Tore Haraldset i Nes Bygdeliste.
Han legg til at dei for fire år sidan jubla for 30,5 prosent, og trudde at dei aldri ville oppleve noko liknande.
- Sjølv om det berre er førehandsrøystene, så reknar eg med me vil greie 30,5 prosent denne gongen også, seier Haraldset.
Flå
I Flå ligg det an til ein spennande kveld. Bygdelista får 45 prosent av førehandsstemmene. Det vil seie at Ap/KrF og Sp til saman har eit knapt fleirtal:
Artikkelen held fram under annonsen.
Bygdelista: 45,2
Ap/KrF: 41,6
Sp: 13,2
198 stemmer
Gol
I Gol er det Ap som har vunne flest førehandsstemmer. Det teiknar godt for sitjande ordførar Heidi Granli:
Ap: 44,2
Sp: 23,9
Høgre: 18,2
Artikkelen held fram under annonsen.
SV: 4,4
Frp: 3,8
Venstre: 3,8
KrF: 1,7
775 stemmer
Ål
I Ål er det så å seie dødt løp mellom Ap og Sp når førehandsstemmene er talde:
Ap: 33,6
Sp: 33,0
Artikkelen held fram under annonsen.
Høgre: 12,6
SV: 8,6
Venstre: 7,6
Frp: 5,6
703 stemmer
Hol
Senterpartiet kan juble etter å ha sett førehandsstemmene i Hol. Partiet er størst av alle:
Sp: 36,7
Ap: 32,7
Artikkelen held fram under annonsen.
Høgre: 25,8
Venstre: 4,8
745 stemmer
Viken
Det er dei to store det handlar om i Viken - Ap og Høgre. Her er førehnadsstemmene:
Høgre: 26,7
Ap: 25,0
Sp: 10,4
Frp: 9,4
Artikkelen held fram under annonsen.
MDG: 8,2
SV: 4,9
Venstre: 3,6
Raudt: 3,4
KrF: 2,3
Andre: 6,2
117.813 stemmer
Hemsedal
I Hemsedal er det Senterpartiet som har fått flest førehandsstemmer. Det lovar godt for ordførarkanidat Pål Rørby:
Sp: 113 stemmer
Høgre: 98 stemmer
Ap: 64 stemmer
KrF: 27 stemmer
Bygdelista: 23 stemmer
SV: 22 stemmer
Venstre: 15 stemmer
Nore og Uvdal
Senterpartiet er størst også i Nore og Uvdal kommune, men Ap er ikkje langt bak:
Sp: 40,1
Ap: 31,7
Høgre: 11,4
SV: 9,4
Frp: 7,4