Flyktar frå Gravset-kulde
Kretsmeisterskapet i langrenn er flytta frå Gravset til Konnerud fordi det er meldt sprengkulde i Hallingdal til helga.
Langrenn: KM i langrenn skulle ha gått på Gravset i Hemsedal med klassiskrenn laurdag og fristilsrenn sundag.
– Avlyste tysdag
Vêrprognosane tyder på at det blir temperaturar godt under 20-talet i Hallingdal til helga. Derfor valde hemsedølene å kaste korta og overlate KM til Konnerud.
Artikkelen held fram under annonsen.
– På grunn av kulda var det høgst usikkert om me kunne arrangere KM til helga. Derfor har me overlate meisterskapet til Konnerud der det ikkje er meldt fullt så kaldt. Dei måtte ha beskjed tysdag for å gjera alt klart, så då bestemte oss for å avlyse, seier Jannicke Ulrichsen i langrennsgruppa i Hemsedal idrettslag.
Ho synest det var ergeleg å gje frå seg eit storarrangement med rundt 300 langrennsløparar som skulle konkurrere om KM-titlar i to dagar.
Søkjer neste år
– Det er viktigare at KM blir arrangert enn at me skulle gamble på at det kunne gå som planlagt på Gravset og eventuelt avlyse fredag kveld. Me kan søkje om å få KM neste år i staden, seier Ulrichsen.
Kuldegrensa for å arrange skirenn er 18 minusgrader for junior og senior og minus 15 for løparar under 16 år. Så avlysingsrisikoen var høgst reell sjølv prognosane er litt mildare siste dagane.
– Hemsedølene har gjort det rette og opptredd ryddig ved å overlate KM til Konnerud i god så dei får gjort alt klart, seier Pål Gunnar Mikkelsplass som er TD (teknisk delegert) under kretsmeisterskapet.