Satsar på digitalt platesal
Dårleg platesal, men mange nedlastingar på nett gjorde valet enkelt for Englefjes-gutane.
Gruppa Englefjes med nesningane Jørn W. Kolberg og Roger Syversrudengen, samt Evald Fjærgård, lanserer plata Ronnie 3. februar.
Ikkje berre er musikken fersk, men gruppa tenkjer også nytt rundt distribusjon. Denne plata kan nemleg ikkje kjøpast over disk, men berre lastast ned på nett.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Spotify, iTunes, Wimp og YouTube er kanalane for oss, slår karane fast.
Digitale tankar
Englefjes har teke konsekvensen av at to album og ein ep tidlegare har selt dårleg i butikk, med knappe 100 plater.
– Då er 150.000 lyttingar via Spotify og liknande mykje hyggjelegare, meiner gruppa.
Gruppa har sagt opp distribusjonsavtalen sin med Musikkoperatørene.
– Å selje plata i butikk krev mykje jobb og gir lite att. Trass i gode platemeldingar, radiospeling, mediedekning og annonsering har platene selt lite.
No er likevel ikkje alt håp ute for deg som ikkje trivst med å ha musikken berre på datamaskinen. Ronnie blir trykt opp i nokre eksemplar så det er mogleg å kjøpe ein god gamaldags cd på heimesida til bandet.
Satsar på nett
Plata Ronnie har teke vel to år å lage, og bandet kallar det «hard jobbing og litt moro».
Dei 13 låtane blir presentert på Englefjes’ eige tv-show på YouTube, englefjes.no og Facebook 2. februar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Showet er laga i fem delar, der gruppa pratar, syner innslag, spelar live, sender musikkvideoar og har quiz. Samstundes kan tilhengjarar prate direkte med bandmedlemmene på Facebook. Dette finn du på Facebook-gruppa Englefjes fans.