Elgen som vart påkøyrt på Rv52 i Gol natt til onsdag, vart avliva av ein jeger som tilfeldigvis kom forbi. Bilføraren hadde køyrt vidare utan å varsle. (Arkivfoto)
Elgen som vart påkøyrt på Rv52 i Gol natt til onsdag, vart avliva av ein jeger som tilfeldigvis kom forbi. Bilføraren hadde køyrt vidare utan å varsle. (Arkivfoto)

Stakk av etter elgpåkøyrsel

Ein elg som vart påkøyrt av ein bil på Rv52 i Gol natt til onsdag, vart avliva av ein jeger som tilfeldigvis kom forbi. Bilføraren hadde stukke av.

I torsdagsavisa hadde me ein notis om ein elg som vart påkøyrt på Rv52 i Gol natt til onsdag. I politiloggen fekk me opplyst at elgen vart avliva av viltnemnda.

Men det stemmer ikkje. Ein mann frå bergensområdet på veg frå jakt i Sverige, opplyser til Hallingdølen at elgen låg hardt skadd midt i vegbanen i ein sving på Øygardane i Gol då han kom køyrande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Elgen låg med broten rygg midt i vegbanen i ein sving. Bilføraren hadde stukke av utan å varsla politiet eller viltnemnda. Eg varsla politiet og fekk klarsignal til å avlive elgen ettersom eg hadde våpen i bilen. Eg fekk også drege dyret ut i vegkanten etter avlivinga for at ingen andre skulle køyre på kadaveret, seier bergensaren som ynskjer å vera anonym.

Grunnen til at han kontaktar Hallingdølen om episoden, er at han synest det var stygt og uforsvarleg av bilføraren som køyrde på elgen å stikke av utan å varsle.

– Bilistar som køyrer på dyr, pliktar å varsle politiet. Det er straffbart å stikke av. Ekstra ille var det at dyret låg midt i ein sving og kunne ha ført til ei ulykke. Det var så vidt eg fekk stoppa, seier bergensaren.