No skal Auris stoppe sjølv
Ny front og meir tryggingsutstyr skal gjera Auris lekker igjen. Samtidig blir dieselmotorane kutta.
Eg ignorerer bilen som står i vegen for meg. Overser blinkinga frå den nye skjermen mellom instrumenta, og overhøyrer pipinga.
– Dei fleste ulykkene skjer framleis fordi føraren ikkje følgjer med eller fordi ein les trafikksituasjonen feil, seier Tjark Kreuzinger som er ansvarleg for utviklinga av sikringsystema til Toyota.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han er mannen bak autobremsen som no har fått nok av den manglande merksemda mi, og som sjølv aktiverer bremsane på Aurisen eg køyrer. Med ein margin på ein halvmeter stoppar me framfor bilen som står stille framfor oss.
– I fart opp til 30 kilometer i timen vil systemet klare å stoppa heilt, og det er aktivt i farten mellom 10 og 80 kilometer i timen. I høgare fart klarer ikkje systemet å avverje ei ulykke, men det bremsar for å redusere skadeomfanget, seier Kreuzinger.
Ikkje menneske
Etter nyleg å ha lansert førarassistentar i Avensis, blir systemet no også lansert i den oppgraderte Auris. Dermed får også denne bilen vinglevarslar, skiltattkjenning og autobrems. Men kvifor har ikkje Toyota utvikla systemet til også å kunne bremse framfor menneske og dyr?
– Det er eit kostnadsspørsmål. Kundar som vel mindre bilar vil ikkje betala så mykje for ekstrautstyr. For å laga eit system som også tek omsyn til menneske, treng me radar, og då aukar prisen, forklarer Kreutzinger.
Auris og Avensis blir ikkje åleine om systemet. Denne enklare autobremsen skal også dukka opp på dei mindre bilane frå Toyota.
– Dei større bilmodellane, der kjøparane har større betalingsvilje, får system som også kjenner att menneske, seier Kreutzinger.
Det betyr at bilar som RAV 4 og fleire modellar frå Lexus får meir avanserte former for autobrems.
Kuttar diesel
Med lanseringa av den nye bilen tek Toyota i Norge eit farvel med dieselmotoren i kompaktklassen. Dermed blir ikkje den nye 1,6 liters store dieselmotoren, som Toyota har henta frå BMW, å finna i norske Aurisar. Også den 1,4 liters store D4-D motoren forsvinn frå det norske marknaden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Når Auris kjem i sal i sommar, reknar me med at hybridutgåva vil stå for rundt 85 prosent av totalsalet. Resten vil den nye turbomotoren på 1,2 liter stå for. Ein 1,33 liters bensinmotor er også tilgjengeleg, men han vil truleg berre stå for 1,5 prosent av salet, seier Espen Olsen som er informasjonssjef i Toyota Norge.
Det er synd. For den nye 1,2-literen er ein fin liten bensinmotor. Allereie frå låge turtal trekkjer turbomotoren godt, og med manuelt gir er fleksibiliteten god. Trass dei 116 hestekreftene sine er motoren meir seig enn sprek – og gangkulturen er fin utan sjenerande vibrasjonar eller støy. Motoren vil bli levert med både manuelt gir og trinnlaust automatgir – og det er sistnemnde Toyota vil selja i Norge.
Hybrid
Men det er hybrid kundane vil ha. Framleis stammar drivlina frå Toyota Prius – og ho er også å finna i Lexus CT200h. Det betyr ein 1,8-liters bensinmotor som er kopla saman med ein elmotor via eit planetgir. Ytinga er 136 hestekrefter, men dei offisielle forbrukstala med 16 toms dekk viser ei marginal forbetring av forbruket. Med 0,36 liter per mil på den nye utgåva og 0,37 liter per mil på den utgåande modellen er det svært små skilnader me snakkar om. Også utsleppet er marginalt lågare med 82 mot 86 gram.
Ankepunkta er som før mykje støy under akselerasjon, og ei drivline som verkar kraftlaus når du skal akselerera i høgare fart. I byen og på landevegen fungerer hybridsystemet godt og kjennest smidig og komfortabelt.
Burde vore standard
I kompaktklassen er det Volkswagen Golf som sel best, men forspranget ned til Auris på andreplass er ikkje så langt som det kan sjå ut som. For om me tek bort e-Golf, som er ein elbil, sit me att med eit sal på 2769 bilar av totalt 6851 registrerte Golfar ved utgangen av mai. Til samanlikning selde Toyota 2025 Auriser i same tidsrom.
At den nye, oppgraderte modellen også blir populær, er det liten tvil om. Oppgraderinga gjev bilen ein utsjånad som er i tråd med det produsenten nyleg lanserte på Avensis – men den viktigaste endringa er assistentsystema. Toyota er stolt av å tilby dei, saman med navigasjonssystem, som ekstrautstyr for 3900 kroner – men dei kunne vore endå stoltare om dei hadde hatt det som standard på alle utgåvene.
* Pris testbil: 298.100,-
* Motor: 4-syl bensinhybrid. 1798 ccm. Elmotor på 60 kW. Ni-MH batteri. 1,31 kWh.
* Systemyting 136 hk.
* Aks 0-100: 11,2 sek
* Toppfart: 175 km/t
* Forbruk (oppgjeve): 0,36 l/min (82 g/km)
* Mål (Lxbxh): 4595x1760x1485
* Akselavstand: 2600 mm
* Bagasjerom: 530 – 1658 l.