– Eit under at det ikkje skjedde ei ulykke
– Folk forstår ikkje kor farleg ei gravstøtte kan vera, seier kyrkjeverje i Hol, Astri Tingstad.
Det var ei letta kyrkjeverje som sist veke kunne sjå dei mest utsette gravstøttene ved Hol gamle kyrkje bli sikra.
Kyrkja har fått massiv kritikk for å la gravminne bli liggjande nede på bakken.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har vore eit mareritt med dei usikre støttene. Med skule og fritidsklubb rett ved. Me kjenner ei stor lette no, seier Tingstad.
Det var våren for tre år sidan ein plutseleg oppdaga at den største gravstøtta hadde velta.
– Me vart veldig redde. Tingstad seier dei sjekka fleire støtter og ein kunne berre så vidt dytte borti dei før dei velta.
– Det er eit under at det ikkje skjedde ei ulykke.
Hundre prosent sikre
Mange er kanskje ikkje klar over at det er dei som eig gravstøtta som er ansvarlege for tryggleiken.
Alle gravstøttene som vart lagt ned på bakken er no sikra. Framleis er det mange gravsteinar både i Hol og på andre kyrkjegardar som kan velte. Dei norske føresegnene er ikkje strenge, støtter står gjerne laust på ein sokkel og det skal lite til for å velte dei. Sjølv den minste typen, som er mest vanleg i dag, veg over 100 kilo. Astri Tingstad trur likevel det tek tid før Norge følgjer etter Sverige med nye føresegner.
– No er det veldig sikkert ved gamlekyrkja, og det er viktig for oss. Me ville vera hundre prosent sikre å på at det er trygt, seier Tingstad.
Meir opprusting
Det er soknerådet som forskotterer sikringsarbeidet, som for dei åtte steinane kostar rundt 70.000 kroner. Men det er ikkje det einaste som skjer i Hol i år. Det skal gjerast utbetringar rundt gamlekyrkja for over 330.000 kroner, pluss moms. Muren rundt kyrkja skal sikrast for rundt 100.000 kroner, og kyrkjeklokkene skal også sikrast slik at dei kan gje lyd att. Ein skal tjærebre kyrkja for rundt 150.000, men der har Riksantikvaren løyvd 100.000 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Veldig oppløftande, seier sokneprest Sveinung Hansen.