Lea Uthus er ein av to geilingar som skal konkurrere i Topolino.
Lea Uthus er ein av to geilingar som skal konkurrere i Topolino.

Alpint: Barn frå Hallingdal får køyre internasjonalt

Fleire hallingar skal prøve seg i internasjonale barneskirenn seinare i vinter.

Lea Uthus og Aksel Strømberg frå Geilo er tekne ut til å køyre internasjonale barnerenn i Topolino i Italia.

Dei to hevda seg i toppen under storslalåm- og slalåmrenna i Hafjell i helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

I U14 vart Uthus nummer to laurdag og vann slalåmen dagen etter. Med det vart ho samanlagtvinnar i klassen. I same årsklasse vart Emma Alexandra Emerentia Søderblom (Hemsedal) nummer åtte i slalåmrennet sundag. Aksel Strømberg kvalifiserte seg til Topolino med ein andre- og ein fjerdeplass.

Birk Barlaug Sannes (Hemsedal) vart nummer fire i rennet sundag, medan Bjarni Thor Hauksson (Geilo) tok sjuandeplassen. Sannes låg an til ei god tid i storslalåmrennet dagen før, men var uheldig med ei portpassering i fyrsteomgang. Synne Gaustad Kvinlog tok ein sjette- og ein tiandeplass i U16. Med det sikra ho seg plass på talentcampen til Norges Skiforbund, og truleg også deltaking i renn i Canada.