Opplev Drecker i fjellheimen
Konsertvêret har betra seg, og det er framleis billettar att. I helga er det Leikskeid i Iungsdalen.
Vil du ha ei konsertoppleving av dei heilt spesielle kan du ta på deg fjellstøvlane og gå turen inn til Iungsdalshytta laurdag føremiddag. Turen er lett og tek berre ein times tid. Då er det slik passeleg å setje seg ned på tunet og berre nyte fjellet, opplevinga og musikken.
– Me sjekkar yr kvar dag, men frå hytta seier dei at det blir fint vêr, så då stolar me på det, seier ein spent kulturhusleiar i Ål, Anita Borrmann Skoglund.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sterk musikk
Ål kulturhus og vertskapet på Iungsdalshytta inviterer for åttande året til konsertopplevinga Leikskeid. I år kjem Anneli Drecker med band. Aktuell frå tv-program som «Hver gang me møtes» og «Stjernekamp». Songaren, komponisten og skodespelaren sleppte det tredje albumet sitt i fjor, «Rocks & Straws». I mars i år turnerte ho i lag med sjølvaste A-ha rundt om i Europa. Kanskje du hugsar ho best frå 90-talet med bandet Bel Canto? Ho kjem i alle fall til Leikskeid i lag med eit knippe dyktige musikarar for å levere «ei konsertoppleving sterkare enn midnattssola», som arrangørane skriv. Dei musikalske tema er nordiske, arktisk-akustiske og internasjonale.
Joik og dans
Eit møte mellom norsk folkedans og samisk joik blir det og. Noko for øyret og noko for synet. Det skjerpar sansane, det vil Leahkit sørge for. Namnet er nordsamisk og tyder «å vera til stades». Dansaren Hallgrim Hansegård frå Frikar og den samiske komponisten og vokalisten Torgeir Vassvik vil ta tilskodarane til ein fysisk, mental og spirituell tilstand. Kroppsleg røynsle og strupesong, naturlydar og tromming blanda med transe og tradisjon. Det handlar om å utforske reisa gjennom ulike måtar å vere til stades på.
Hemsedøl
Med mandolin, munnspel, gitar, piano og si eiga stemme kan hemsedalsjenta Tonje Halbjørhus godt stå på scena åleine. Men til Iungsdalen i helga tek ho med seg fleire musikarar og sørger for å setje stemning før hovudartisten Drecker kjem på scena.
Halbjørhus syng eigne bluesgras-inspirerte viser, på halling.
Fleire billettar
I fjor selde dei heile 850 billettar på førehand til Leikskeid. Det var om lag 1000 menneske som kom, og Buffy Sainte-Marie stod på scena. Det var det største Leikskeid så langt.
– I år har me ikkje dei forventningane, men me har selt 350–400 billettar og det er bra. Me reknar med at det blir selt minst 100 til. Hyttefolk har alt sett av helga. Bygdefolket ventar og ser, men dei kjem, seier kulturhusleiaren. Ho legg til at ho tykkjer, både subjektivt og objektivt, at samansetninga av artistar i år er heilt fantastisk.
– Kvar og ein av dei passar så godt inn i konseptet. Og i år er det også dans på scena for fyrste gong, og det blir sikkert ikkje den siste, seier ho. I fjor var Daniel Kvammen den lokale musikaren. I år er det som nemnt Tonje Halbjørhus.
– Me satsar på unge framstormande musikarar. Og i år er komboen fantastisk. Eg gler meg som ein unge, avsluttar Skoglund.