Bilist mista kontrollen
To bilar kolliderte på den glatte vegen i Dagali.
Ein bil som kom frå Geilo mista kontrollen på det glatte føret i Dagali sundag ettermiddag.
Dermed kolliderte han med ein bil som kom imot.
Artikkelen held fram under annonsen.
Uhellet skjedde rett før klokka 17 sundag.
Ingen av personane i bilane vart skadde i uhellet.
Vegen gjennom Dagali vart stengt ei kort stund, mens bilane vart taua av vegen av ein traktor.