For Tobias Himmelstrup og dei andre i arrangørstaben har det vore hektiske dagar med førebuingar.
For Tobias Himmelstrup og dei andre i arrangørstaben har det vore hektiske dagar med førebuingar.

Salt reddar NM-løypa

Sol og mildvêr er ikkje godvener når ein riggar NM-arena. I løpet av ein dag forsvann kring 30 cm snø i delar av slopestyleløypa.

Men park- og løypesjef Clint Butcher lovar ein av sesongens beste løyper til Norgesmeisterskapen.

I lag med fem andre i arrangørstaben har han hatt hektiske dagar med å førebu løype og hopp til NM i freeski startar med treningar på Geilo torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde alt klart, men så kom mildvêret i helga. Me måtte gå i nødmodus, for det smelta nesten 30 cm i nokre av railpartia, fortel Butcher.

- Plussgrader og sol laga slush og påskeføre. Det er fint for køyrarane som får mjuke landingar, men det blir også djupe spor i løypa, fortel Butcher.

Utfordring

Minusgrader og salt er viktige ingrediensar for å hindre at hoppa smeltar bort i sola.

– Me jobbar tidleg om morgonen og utover ettermiddagen og kvelden. Når karane dreg heim må eg køyre maskin. Men me har lidenskapen for det, seier parksjef Clint Butcher.
– Me jobbar tidleg om morgonen og utover ettermiddagen og kvelden. Når karane dreg heim må eg køyre maskin. Men me har lidenskapen for det, seier parksjef Clint Butcher.
Mike McKernan er i staben som førebur NM i freeski.
Mike McKernan er i staben som førebur NM i freeski.
Øystein Bråten vann X-Games på heimebane, og er ein av favorittane under NM på Geilo.
Øystein Bråten vann X-Games på heimebane, og er ein av favorittane under NM på Geilo.
Robert André Ruud er regjerande norgesmeister i slopestyle.
Robert André Ruud er regjerande norgesmeister i slopestyle.
NM-løypa på Geilo gir rom for dei kreative køyrarane.
NM-løypa på Geilo gir rom for dei kreative køyrarane.
Rennleiar Bjørn Voll og parksjef Clint Butcher meiner NM-løypa er av dei beste som har vore.
Rennleiar Bjørn Voll og parksjef Clint Butcher meiner NM-løypa er av dei beste som har vore.

– Dei siste dagane har karane jobba morgon og ettermiddag med å halde ting i stand, og hatt på salt for å halde alt bra i sola. Det gjer at forholda blir gode i nokre timar.

Butcher er ein av dei som har lagt ned flest timar i NM-førebuingane.

– Det har vore hardt arbeid, men alle me som jobbar med løypa har ein lidenskap for det me gjer. Det gir oss så mykje når me ser kva me får til, og når me ser køyrarane teste og kome med tilbakemeldingar.

Park- og løypesjefen har jobba med området i fleire år, og er ikkje redd for at det skal bli for dårleg fart:

– Me har laga god plass mellom elementa i løypa, men vil også vurdere å salte. Det er uansett bratt nok på toppen til å få fart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Moglegheiter

Om sjølve NM-løypa seier Butcher:

– Den er ikkje så kreativ som nokre av oppsetta er, men løypa gir køyrarane moglegheit til å gå stort eller litt mindre på hoppa og vere kreativ undervegs.

Torsdag kjem deltakarane for å trene i løypa. Etter mildvêret har den vore stengt for testkøyring.

Viktig

Frå arrangørhald er det meldt at heile noregseliten kjem, i tillegg til lokale utfordrarar og unge talent.

– Dei som har teke medalje internasjonalt i år kjem, og dei som er skadd har me hyra inn som ekspertar og kommentatorar. Me reknar med kring sytti deltakarar til NM-øvingane og det same i barnerennet me arrangerer, seier Jon Opsahl, leiar i organisasjonskomiteen for NM.

– Freeskigruppa har vakse og vorte den nest største gruppa i idrettslaget, men det er ei ung gruppe. Eit NM er viktig for å bygge klubbkultur også. Sjølv om dei fleste utøvarane våre er for unge til å delta sjølve, jobbar me mot eit felles mål. Og det betyr mykje at utøvarane våre får sjå heltane på heimebane.

Før meisterskapen er over skal dei kåre norgesmeisteren i slopestyle og bigair.