Ein svensk bilist køyrde av Rv7 i Kvisla i Hol og døydde 15. august 2011.
Ein svensk bilist køyrde av Rv7 i Kvisla i Hol og døydde 15. august 2011.

To omkom i Hallingdal

13 mista livet i Buskerud-trafikken i 2011.

Ein svensk bilist omkom då han køyrde av Rv7 i Kvislabakkane i Hol 15. august. 22. februar døydde ein fransk MC-førar då han kolliderte med ein møtande bil på Rv7 ved Engene i Gol.

Desse ulykkene i Hallingdal er to av 13 dødsulykker i Buskerud i 2011.

Artikkelen held fram under annonsen.

To færre mista livet på Buskerud-vegane i 2011 samanlikna med året før.

Stor nedgang

Tal frå Trygg Trafikk syner at 171 personar omkom i vegtrafikken i Norge i fjor. Dette er det lågaste talet sidan 1953.

Dei siste tre åra har det døydd færre på vegane for kvart år. I 2011 gjekk 37 færre liv tapt enn i 2010. Går ein attende til år 2000, døydde heile 341 personar på norske vegar. Tala er dermed halvert.

Ein franskregistrert motorsykkel velta og vart påkøyrd av ein møtande varebil på Rv7 ved Engene i Gol 22. februar 2011.
Ein franskregistrert motorsykkel velta og vart påkøyrd av ein møtande varebil på Rv7 ved Engene i Gol 22. februar 2011.

Verst på E16

I Buskerud skjedde det flest dødsulykker på E16. Der omkom fem personar i fjor. På Rv7 var det to dødsulykker, der båe skjedde i Hallingdal.

Årsaka til at den franske MC-føraren i 50-åra omkom ved Engene i februar var at han velta, kom over i motgåande køyrefelt og vart treft av ein møtande bil. Politiet opplyste at det var glatt veg, og at motorsyklisten køyrde i eit spor og fekk sleng. Han hadde piggdekk på sykkelen, og køyrde ikkje fort.

Det var ingen andre køyretøy involvert då den svenske bilisten i 20-åra køyrde rett utom vegen i Kvislabakkane og døydde i august.