Oddmund Nestegard er medisinsk fagsjef på Ringerike sjukehus.
Oddmund Nestegard er medisinsk fagsjef på Ringerike sjukehus.

– CT-maskinen er ingen omveg

– CT-maskinen har vore eit veldig framsteg for pasientar med hjerneslag i Hallingdal. Det har redda mange millionar hjerneceller.

Det seier Oddmund Nestegard, avdelingssjef og medisinsk fagsjef på Ringerike sjukehus.

Vegval: Ål eller Hønefoss?

Palmelaurdag fekk Albert Tobiassen Nesland hjerneslag mens han var på jobb i skiheisen i Skarslia. I ettertid angrar han på at han tok «omvegen» om CT-maskinen på Ål. Nesland meiner han at han hadde vunne verdifull tid på å køyrd rake vegen til Ringerike sjukehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kjenner ikkje kva som har skjedd og kva vurderingar som er gjort i dette konkrete tilfellet. Eg må nøye meg med å kommentere på generelt grunnlag, seier avdelingssjefen på Ringerike sjukehus.

Med og utan kontrastveske

Nestegard seier CT-maskinen har vore eit stort framsteg for hjerneslagbehandlinga i Hallingdal.

– CT-maskinen er ei solskinshistorie. Før maskinen kom i 2016, måtte alle hallingar til Hønefoss ved mistanke om hjerneslag. Me fekk denne maskinen for å vinne tid. Viss me finn blodproppen, kan me starte trombolysebehandling i Hallingdal. Då sparar me halvannan time. Det betyr mykje, seier han.

Nestegard stadfestar at dei ikkje kan utnytte det fulle potensialet til CT-maskinen i Hallingdal så lenge det ikkje er radiografar på vakt som kan køyre CT-skanning med kontrastveske.

– Men også utan bruk av kontrastveske, gir CT-maskinen verdifulle svar. Me vil kunne sjå om det er bløding eller ikkje, og oftast også sjå om det er eit infarkt.

For smått til å ha døgnberedskap

– Kva seier du til kritikken om at helsevesenet er i feriemodus når folketalet blir mangedobla?

– Hjerneslag er sjeldan, sjølv med eit så stort pasientgrunnlag som det var i Hallingdal i påsken. Me har ikkje nok fagpersonar til at me kan klare å lage ei 24/7-vaktordning. Det er berre halvtanna årsverk med radiografar på Hallingdal sjukestugu. Og det er uråd å lage døgnberedskap på eit så lite fagmiljø, seier Nestegard. Han meiner nyordninga, der ambulansemannskap opererer CT-maskinen med støtte frå ekspertar på videolink, gir ei god løysing.

Har tru på systemet

– Det sikrar at CT-maskinen kan brukast heile døgnet, men utan kontrastveske, vel å merke. Eg har veldig tru på dette systemet. Alle pasientane med slik problemstilling blir overført til Ringerike sjukehus der dei kan følgje opp med MR eller ta nye CT-undersøkingar med kontrast. Me må heile tida evaluere korleis det fungerer, og i det perspektivet er erfaringane til denne pasienten verdifulle, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nestegard fortel at ein overlege på Ringerike sjukehus no jobbar med ein doktorgrad om den desentraliserte CT-maskinen på Hallingdal sjukestugu.