Torsdag inviterer Leveld Bygdekvinnelag og Leveld Kunstnartun til kunst- og kulturvandring i Leveld. Her kan folk sjå Knut Bry si utstilling Empty Stores on Empty Barns. (Arkivfoto)
Torsdag inviterer Leveld Bygdekvinnelag og Leveld Kunstnartun til kunst- og kulturvandring i Leveld. Her kan folk sjå Knut Bry si utstilling Empty Stores on Empty Barns. (Arkivfoto)

Inviterer til rundturar i Ål

Årets tema for Kulturminneveka i Ål er møteplassar før og no.

Under slagordet «Frå mjølkerampe til skaterampe» set Kulturminneveka i gang med fjellturar tysdag. Arrangementet er eit samarbeid mellom Ål kommune, Ål historielag, Ål Speidarane, Ål Turlag og Ål turistinformasjon. I løpet av veka vil dei vise mangfaldet av møteplassar i kommunen, mellom anna mjølkeramper, stavkyrkjemuseet og fjellturar.

Rundtur med rundsnurr

Det heile startar med ein tur Tingvollfjorden rundt tysdag ettermiddag, eller ein rundtur på Kråkhamar med Ål Turlag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag kveld blir det «Rundtur med rundsnurr på nye rampu» i Øvre-Ål med Ål Historielag.

Torsdag inviterer Leveld Bygdekvinnelag og Leveld Kunstnartun til kunst- og kulturvandring Leveld rundt, og laurdag er det Ål kranklag som steller i stand aktivitetar i Ål skulepark. Speidarane held grillen varm, og det blir fyrstehjelpskurs i skuleparken ved Ål Røde Kors.

Kulturvandring og kyrkjekaffi

Sundag er det klart for familiegudsteneste i Torpo kyrkje, før kulturvandring til bruruinane ved Lya med påfølgjande kyrkjekaffi på Wangen familiecamping. Seinare blir det kulturvandring i Ål sentrum gaida av Bodil Haug. Turen blir avslutta med kyrkjekaffi ved Ål kyrkje, før Kulturminneveka 2012 blir avslutta med messe i Ål kyrkje sundag kveld.

For fyrste gong har kulturminneveka eit program som rettar seg mot ungdom og sykling. (Arkivfoto)
For fyrste gong har kulturminneveka eit program som rettar seg mot ungdom og sykling. (Arkivfoto)