Dei vil endre verda - lagar solcelleanlegg i Ghana
Olav Arne Myro frå Ål og fire andre har teke på seg eit omfattande og utfordrande skuleprosjekt. Dei kallar prosjektet for «Bright lights of Ghana».
Gruppa består av Olav Arne Myro frå Ål som er prosjektleiar, Anders Velken frå Granvin, Skage Riise Almeland frå Voss, Stian S. Madsgård frå Nedre Vats og Øystein Bjørk frå Vik i Sogn. Prosjektet omfattar i hovudsak å setje opp ein 20 fots stålcontainer med solceller ved ein geitefarm i Ghana.
Skulegang for jenter
Alle i gruppa går andre og siste år på Fagskulen i Hordaland, avdeling Elkraft i Bergen, og dei har bestemt seg for å samarbeide om eit hovudprosjekt. Eit hovudprosjekt kan samanliknast med ei bachelor-oppgåve. Gruppa vidarefører prosjektet frå fjorårets kull som berre fekk tid til den tekniske delen. I fjor såg dei på til dømes behova i Ghana og forskjellige løysingar til prosjektet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har inngått eit samarbeid med Trax Program Support Norway, der me har fått i oppdrag å installere eit «off-grid» solcelleanlegg på ein geitegard nord i Ghana. Garden skal fungere som ein praksisplass for elevar ved ein jenteskule. Her skal dei lære geitehald og avle fram killingar som skal seljast. Pengane skal brukast til å dekke skulegang.
Garden inneheld også eit enkelt utdanningssenter. For å kunne ha kveldsundervisning treng dei lys, men det lokale straumnettet nord i Ghana er veldig ustabilt, og ikkje minst er det den største utgiftsposten til garden. For å kunne halde kveldsundervising er det planlagt eit solcelleanlegg med batteri, som skal forsyne diverse elektriske komponentar på garden, fortel Myro.
Økonomien
Den økonomiske delen kan vere ei utfordring, men gruppa jobbar hardt for å få det til.
– Me har samla inn 50.000 kroner frå eksterne firma. Me set pris på kvar krone me får, seier ålingen.
– Så er me opptekne av at det skal vere allment. Me har fått inn nesten 10.000 kroner frå privatpersonar.
Ghana-reise
Om alt går etter planen, skal gruppa vere i Ghana i tre veker i februar.
– Målet er å få alt på plass, og få sett anlegget i drift. I tillegg til å gi den nødvendige opplæringa for dagleg drift og vedlikehald på solcelleanlegget.
Økonomien er definitivt den største utfordringa i prosjektet, fortel han. Dei skal ha fotograf Stine Tragethon frå Geilo med seg på reisa, som skal dokumentere alt, og lage ein dokumentar i samband med prosjektet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stort
Prosjektet er tidkrevjande, og gruppa kjem til å bruke nokre tusen timar.
– Det er utruleg fint å bruke den teknologiske bakgrunnen vår til nokon som treng det. Å levere eit anlegg til nokon er ei drivkraft i seg sjølv, understrekar Myro.