I dag, laurdag, opnar eventyrgolfbanen i Hallingdal Feriepark. Her kan ein slå ballen gjennom fleire lokale installasjonar, blant anna styltehytta frå parken sjølv.
I dag, laurdag, opnar eventyrgolfbanen i Hallingdal Feriepark. Her kan ein slå ballen gjennom fleire lokale installasjonar, blant anna styltehytta frå parken sjølv.

I dag opnar eventyrgolfen

Hallingdal feriepark har investert 4,5 millionar kroner i fleire nye aktivitetar.

– Eventyrgolfen vår er hakket større enn ein vanleg minigolf, fortel marknadssjef Agnete Berg Sataslåtten. Ikkje berre er banen litt større og meir avansert, men det er også kunstgras i staden for filt. Det er det svenske firmaet CityGolf som har bygd banen, og i tillegg til kuperte og spennande banar er det fleire lokale installasjonar ein kan kjenne att på runden rundt golfbanen. Blant anna kan ein golfe under ein miniversjon av styltehytta, stavkyrkja på Torpo og Ål stasjon.

– Det er også mange andre morosame hinder, men eit par av dei bør vere ei overrasking – om ikkje blir det ikkje like moro, smiler Berg Sataslåtten.

Artikkelen held fram under annonsen.

250 meter zip-line!

I tillegg til minigolfen har klatreparken «Høyt og lågt» blitt utvida med to nye løyper. Ei av dei er Elvedansen med to ziplines, altså to løypestrenger ein heng under, på over 250 meter der ein fyk over Hallingdalselva i stor fart.

– Det er litt skummelt, særleg å klatre opp stigen dei femten meterane før start, fortel Ole Christoffer Johanssen. Han er ein av fleire som har testa den nye løypa.

– Men når ein fyk over elva er det berre kjempemoro, legg han til. Den andre nye løypa er ei familieløype med 11 nye hinder. Til saman har klatreparken seks løyper som passar like godt til ungar som til vaksne.

Ei av nyheitene i Hallingdal feriepark er ei løype i klatreparken med 2 x 250 meter zipline over Hallingdalselva.
Ei av nyheitene i Hallingdal feriepark er ei løype i klatreparken med 2 x 250 meter zipline over Hallingdalselva.

Nye aktivitetar kvar dag

Hallingdal feriepark har investert rundt 4,5 millionar kroner i klatreparken og eventyrgolfen. Det trur Agnete Berg Sataslåtten kjem til å vere verdt det.

– Målet vårt er at ein kan vere her i fleire veker og gjere nye aktivitetar kvar dag, fortel Berg Sataslåtten. Til no tilbyr ferieparken over 20 aktivitetar i veka til besøkande.

– Det er heilt klart opplevingane og aktivitetane som gjer at ferieparken gjer det så bra, legg Berg Sataslåtten til.