Trur på kunstgras
Ordførar Tor Egil Buøen meiner Flå stadion må rustast opp.
I Hallingdølen torsdag sa leiar i idrettslaget, Ole Kr. Grimeli, at i første omgang må ein rehabilitering av Flå stadion prioriterast i kommunedelplanen for idrett og friluftsliv.
Men draumen om kunstgrasbane og ein løpebane med kunststoffdekke er kome eit skritt nærmare.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Treng opprusting
– Rehabilitering av idrettsanlegget ligg alt i denne planen, seier ordførar Buøen.
– Blir det ei løysing?
– Eg har god tru på det. Anlegget treng opprusting, og når det gjeld rehabilitering av ein grasbane er det berre kunstgras som gjeld i dag. Me er kome til eit punkt der det må gjerast noko drastisk med anlegget.
Interesse
Utfordringa blir å finne ei løysing på den kommunale kostnaden. For dugnadsinnsatsen er det ikkje noko i vegen med i Flå, ifølgje Buøen. Dessutan har fleire maskinentreprenørar meldt interesse for å ta eit tak på Flå stadion.