- Uheldig at pasientar får inntrykk av at dei heller burde reise til Ringerike
– Me er avhengig av CT-maskinen, men me treng ikkje radiografar på døgnvakt ved Hallingdal sjukestugu for å gje god behandling til hjerneslagpasientar.
Det seier doktor Nils Rune Nilsen, overlege på somatisk avdeling ved Hallingdal sjukestugu.
«Omveg» via CT-maskinen
Laurdag skreiv Hallingdølen om Albert Tobiassen Nesland som fekk hjerneslag i påsken. Han er kritisk til at ikkje helsevesenet er bemanna opp i påsken og andre høgtider når folketalet i Hallingdal blir mangedobla. Særleg er han kritisk til at det ikkje er folk på vakt som kan utføre CT-skanning med kontrastveske.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Neslands tilfelle vart ikkje diagnosen stilt før han kom til Ringerike sjukehus og fekk snakke med lege, etter 12 timar. I ettertid angra han på at han hadde tatt «omvegen» om CT-maskinen på Hallingdal sjukestugu, framfor å dra rett til sjukehuset på Ringerike.
Med og utan kontrastveske
– Me er avhengig av at pasienten kjem raskt. Det er uheldig at pasientar får inntrykk av at dei heller burde reise til Ringerike, seier Johannes Paulsen, legevaktsjef for øvre Hallingdal legevakt. Saka har blitt ein snakkis ved legekontora. Doktor Nils Rune Nilsen meiner artikkelen gav eit unøyaktig bilete. Ved hjerneslag hastar det å få stilt diagnosen, slik at ein raskt kan starte riktig behandling.
– Eg kjenner ikkje historia til denne konkrete pasienten. Men på generelt grunnlag kan eg si at det spelar eigentleg ikkje nokon rolle om det hadde vore radiografar på vakt som kunne tatt CT med kontrastveske. CT gir svar på om pasienten har hjernebløding. Det svaret får me også utan å bruke kontrastveske, seier Nilsen.
Skjønnsmessig vurdering
Viss det kjem pasientar med klare symptom på hjerneslag, vil pasienten få blodproppløysande medisinar, men berre dersom dei gjennom CT-skanning kan utelukke at det er snakk om hjernebløding.
– Då snakkar me om klare nevrologiske utfall som at pasienten har talevanskar, er skeiv i ansiktet og har nedsett kraft i arm eller fot. Men viss det er mindre symptom, kan vurderinga vere at ein ikkje skal gje blodproppløysande medisinar. For det er ein risiko for at pasienten kan bli påført bløding av å få slike medisinar. Dette er ei skjønsmessing vurdering der ein må vege fordelane opp mot risikoen, seier Nilsen.
Dispril eller plumbo?
«Det einaste dei kunne tilby på legevakta i Ål, var ein Dispril mot smertene», fortalde Nesland til Hallingdølen laurdag.
– Av og til kan blodpropp påvisast først etter ei tid, seier Nilsen. Viss det kjem pasientar der det er mistanke om eit begynnande hjerneslag, er det vanleg å bruke Dispril. Det handlar ikkje først og fremst om å dempe smerter. Dispril er eit legemiddel som har ein blodfortynnande effekt, men ein mildare effekt enn blodproppløysande «plumbo».
– Nesland meiner helsevesenet burde bemanne opp når det kjem storinnrykk av gjester. Har han eit poeng?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er i så fall talet på sjukebilar som er det viktig. Me burde hatt fleire ambulansar i Hallingdal når det kjem storinnrykk i påsken. At ikkje det er fleire sjukebilar på vakt når det er 120.000 menneske i dalen, er uforståeleg. Derimot meiner eg at beredskapen på legevakta er grei. Her doblar me vaktberedskapen når det er mykje folk i dalen, seier Nilsen.