Her er Ål handelspark
Bysenter Holding AS har signert utbyggingsavtale med kommunen og håpar å snart starte arbeidet med Ål handelspark. Kommunen har sikra seg med pant og opsjonar.
Førebels er det berre reguleringsarbeidet som er i gang, og før planen er spikra vil ikkje utbyggjarane uttale seg.
– Det blir feil av meg å uttale meg om noko før reguleringsplanen er godkjent, seier Magne Modalsli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politisk sak utover hausten
Modalsli er Bysenter Holding sin mann i Hallingdal. Holdingselskapet står frå før bak totalrenoveringa av Ålingen kjøpesenter.
Ål Handelspark er tenkt som eit 3200 kvadratmeter stort næringsbygg, med 20 leilegheiter på taket. Kva slags aktørar som skal inn er ikkje gjort kjent.
Opphavleg var ambisjonen å kome i gang tidleg på hausten, men ettersom ein er nokre månader bak skjema er spadetak litt i det blå. Fristen for å kome med merknader er 30. august. Etter dette blir det politiske behandlingar i september-oktober.
Pant og opsjon
Hallingdølen har tidlegare skrive at kommunen ikkje ønska at utbyggjarane gjekk i gang med nye prosjekt før brikkene er på plass kring Ålingen kjøpesenter, men i praksis kan kommunen lite gjere.
I ein utbyggingsavtale har Ål kommune sikra seg, gjennom pant på ein million kroner og opsjon på kjøp av seks leilegheiter, til marknadspris.
– Er dette vanleg?
– Eg er usikker på om dette er vanleg, men det kan bli aktuelt å kjøpe leilegheiter. Dette er ei attraktiv plassering og kommunen har behov for leilegheiter til ulike grupper. Dette vil bli ei seinare vurdering. Punktet om pant er for å sikre kommunen økonomisk, seier rådmann Tone Tveito Eidnes, utan å ville utdjupe dette ytterlegare.
– Komplisert
Ålingen kjøpesenter er eit prosjekt som er tenkt å vere ferdigstilt med hovuddelen i august.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg trur det går bra. Det er same framdriftsplan som før. Det nærmar seg eit års byggjetid og me skal levere. Punktum, seier Modalsli.
Men undervegs har det vore både praktiske og økonomiske utfordringar. Det er framleis ei utfordring at det er få butikkar, og kundane spring ikkje ned dørene.
Ein kafe som var tenkt å vere på plass på forsommaren er no også bak skjema.
– Det er kontor som er i bruk under der, så det gjeld å vente på rett tid med å bore, seier han og forklarar at det handlar om etableringa av røyr til vatn og avløp.
– Det er komplisert å byggje om, forstår du, seier Modalsli.
Det er selskapet RA Eigedom AS som eig den tidlegare gartneritomta der næringsparken skal reise seg. Det var Runar Opheim og Alf Sonerud som selde, i samband med at også Ålingen kjøpesenter vart selt.