Å køyre radiobil er framleis like gøy. I forkant her køyrer Acacia Rose (11 år), bak Lars Vanngaard, Pikani Chuma og Ingrid Straume.
Å køyre radiobil er framleis like gøy. I forkant her køyrer Acacia Rose (11 år), bak Lars Vanngaard, Pikani Chuma og Ingrid Straume.

17.000 var innom Hallingmarken

Så var Hallingmarken 2015 over for denne gong. Det har vore ein vellykka Hallingmarken også i år, trass i varmen.

– Det har vore litt over det jamne. Me har vel hatt rundt 17.000 besøkande på desse dagane. Laurdag hadde me rundt 5000 her, seier Jan Olsen, leiar for Hallingmarken.

Han trur at rundt 30 grader i skuggen har gjort at folk kanskje vel andre ting.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overraska

– Den store overraskinga var at fredagen trekte så mykje folk. Då var det over 3000 her, fortel Olsen. Den kvelden var det Adelen og Staysman & Lazz feat. Katastrofe som entra scena, og det var ein veldig bra konsert med god stemming.

– Ungdommen kjente tydelegvis igjen Staysman, og dei kunne alle songane deira, for dei song med, smiler han.

Opp og ned hjå utstillarane

– Ikkje alle utstillarane er like fornøgde. Nokon har gjort det bra, og nokon ikkje fullt så bra, innrømmer Olsen. Han trur folk blir litt late i den intense varmen. Messeområdet har blitt veldig bra, og det er gjort ein del endringar.

Bjørnar Ulsaker, Kai Rune Rukke og Jan Olsen.
Bjørnar Ulsaker, Kai Rune Rukke og Jan Olsen.
Hallgrim Ødegård er fornøgd med årets sal i smultringbua.
Hallgrim Ødegård er fornøgd med årets sal i smultringbua.
Karusellen er så ny at den måtte lakkerast ferdig på plassen.
Karusellen er så ny at den måtte lakkerast ferdig på plassen.
– Me vinn ikkje her, utbryt Thea Pretorius (13 år) Her saman med Nikolai Johannesen t.v. (13 år) og Gift Abaza (14 år) t.h.
– Me vinn ikkje her, utbryt Thea Pretorius (13 år) Her saman med Nikolai Johannesen t.v. (13 år) og Gift Abaza (14 år) t.h.
Så er Hallingmarken 2015 over. Utstillarane pakkar saman og reiser heim att.
Så er Hallingmarken 2015 over. Utstillarane pakkar saman og reiser heim att.

– Men me har framleis mykje å lære, og skal lage nye planar etter me har hatt evalueringsmøte i august.

Det å få folk til å gå rundt på heile messeområdet, leie dei dit ein vil ha dei, har litt med psykologi å gjere. Men fyst må utstillarane kome med sine tilbakemeldingar.

– Det er viktig at ikkje nokon føler dei har hamna i bakevja, meiner Olsen.

Ny karusell i Norge

Også i år var det Lund Tivoli som heldt morodelen i gong.

– Dei har våre her i temmeleg mange år no, og er ein god samarbeidspartnar. I år hadde dei også med seg ein heilt ny karusell, Dragons nest. Det er første gongen den blir brukt i Norge. Den måtte lakkast ferdig her på plassen, informerer Olsen. Dragons nest løftar folk 40 meter opp i lufta og svingar dei rundt. Lunds Tivoli måtte ha folk frå Italia for å få montert han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei varierer på kva slags karusellar dei har med seg år for år, og det syns me er bra. Ei lita jente på 6 år frå Ski syntest at tivoliet her var mykje betre enn på Tusenfryd, humrar Olsen.

Uteblir

Eigentleg var det 100 utstillarar som hadde fått plass på messedelen. Rundt 10 av desse møtte ikkje opp.

– Ikkje har dei gitt beskjed heller, og det er ganske trasig. Det må me gjere noko med til neste år. Det er mange som vil vera med, og mange me må seie nei til. Desse kunne då ha fått vore med i staden for, avsluttar Olsen.

Dette har med både planlegging og utveljing av utstillarar å gjere.

Fornøgd

– Det er andre året eg er her med smultringbua, og eg må si at det har gått bra i år, seier smultringprodusent Hallgrim Ødegård frå Torpo. Sjølve smultringbua har vore å finne på plassen dei siste 15 åra, men for to år sidan kjøpte Ødegård bua.

– Det er Hallingmarken som er høgdepunktet, meiner han. Då står han i bua i fire dagar til ende.

– Eg må skryte litt av kundane mine. Sjølv om klokka nærmar seg 24, står folk fint i køen her, utan noko bråk, fortel han.

Men det har vore varmt å stå inne i smultringbua i 15 timar kvar dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med 30 grader ute, og med ei smultgryte som står på, blir det fort noko varmare inne her, smiler Ødegård.