Sterk hallinginnsats under alpin-KM
Tre hallingar vart dobbeltmeistrar KM i alpint.
Gustav Rosberg Vøllo (12), Hemsedal, vann både slalåm og storslalåm i gutter 12/13 år, August Fosse og Anne Berntsen Ruud, begge frå Ål, klarte det same i 14/15 årsklassene.
Godt og vel 50 løparar stilte til start i storslalåm i Gol laurdag. Det var gnistrande forhold i bakken. Dette var også kvalifisering til Hovudlandsrennet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vil du ha bilete av ein kretsmeister?
-11-åringen Magnus Ransedokken frå Gol er så glad for gullmedaljen at han meir enn gladeleg stiller seg opp for å bli fotografert.
– Veldig fornøgd, seier Magnus, og har grunn til det.
Karianne Sato frå Ål vann 11 års klassen føre tvillingsyster Nora, og Birgit Kinneberg frå Gol vart kretsmeister i 12/13 års klassen.
95 løparar køyrde slalåm i Hemsedal sundag i den nye BMW-arenaen i Hemsedal Skisenter. 25 deltok i eit sonerenn for elleve 11