Grusbanen på Bråta får kunstgras
Når Ål cup i fotball går av stabelen i august i år, vil grusbana på Bråta idrettspark vere bytta ut med ny kunstgrasbane.
Bråta idrettspark har i dag ei stor fotballbane med kunstgras og ei mindre med grusdekke. Den store bana fekk kunstgras i 2007. Til våren starter arbeidet med å legge kunstgras også på den mindre bana.
– Grus har gått ut på dato. Å spele på grusbana er ikkje populært blant spelarane, seier Nils Egil Vedvik i styret i fotballgruppa i Ål idrettslag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med 350 medlemmer i fotballgruppa og kampar fleire dagar i veka i sesongen er det ikkje mogleg at alle kan få bruke den eksisterande kunstgrasbana til trening. Å få ny kunstgrasbane er difor eit høgt ønske blant spelarane.
Viktig for fotballcupen
Ål Cup i fotball er også ein av hovudgrunnane til at det no skal bli ny kunstgrasbane. Cupen blir arrangert kvar sommar i slutten av skuleferien, men dei siste åra har deltakinga gått drastisk ned. Dette ser primært ut til å vere på grunn av grusbana, fortel Kåre Gåsbakk i styret for Ål cup fotball.
– Me er i konkurranse med mange andre fotballarrangement landet rundt. Utan nytt banedekke ville me mest sannsynleg ha måtte avvikle fotballcupen. Det ville ha vore svært trist å miste eit av dei store idrettsarrangementa i Ål kommune, seier Gåsbakk.
På finansieringssida har fotballgruppa fått 400.000 kr i stønad frå Sparebank 1 sitt gåvefond.
– Dette er den største gåveutdelinga frå oss i 2011. Me ønskjer å bidra til at Hallingdal skal vere eit levande lokalsamfunn med eit godt tilbod til dei som bur her, seier Ola Stave i Sparebank 1 Hallingdal. Elles vil den nye bana bli finansiert av Ål IL sjølv, med stønad frå Ål kommune.
Arbeidet med å skifte ut dekket til kunstgras vil begynne i starten av juni. Etter planen vil då arbeidet vere ferdig til Ål cupen 17.–19. august.