Stein Torleif Bjella, Torun Torsteinsrud og Lars Monrad Vaage er klare til tre dagars villfiskfestival. Opning av Ål Sentralbanestasjon på Sundrehallplassen er fyrste programpost.
Stein Torleif Bjella, Torun Torsteinsrud og Lars Monrad Vaage er klare til tre dagars villfiskfestival. Opning av Ål Sentralbanestasjon på Sundrehallplassen er fyrste programpost.

Villfiskfestival og stasjonsopning

Villfiskfestivalen startar med offisiell opning av Ål Sentralbanestasjon. Så går det slag i slag med konsertar og fiskeforedrag to dagar til endes.

Den andre Villfiskfestivalen blir avvikla fyrstkomande helg.

I år er Sundrehall festivalarena for konsertar, fest og moro og sosialt samvær. Foredrag og fiskefaglege innslag blir i Ål kulturhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundrehall festivalsenter

– Festivalen i fjor var vellykka, men gjekk med underskot. Me gjer eit nytt forsøk i år og har flytta festivalsenteret frå hotellet til Sundrehall, seier initiativtakar Stein Torleif Bjella.

Saman med Lars Monrad Vaage var det Bjella som trekte i trådane under fjorårsfestivalen. No er Villfiskfestivalen kome inn i meir organiserte former og oppretta som ideell organisasjon. Torun Torsteinsrud er festivalsjef.

– Kultiveringshelg

Villfiskfestivalen er ein hyllest til innlandsfiske med foredrag, konsertar, fest og moro som ingrediensar.

– Festivalen er ei kultiveringshelg av folk og fisk. Me vil heidre fisken med musikk, fest og moro. Foredraga skal hjelpe oss til å utnytte fiskeressursane me har rundt oss, seier Bjella.

Festivalarrangøren byr på eit tettpakka og variert festivalprogram. På dagtid er Ål kulturhus arena med foredrag med fagleg innhald. Sundag blir Villfiskfestivalen avslutta med teknotennis på Bråta og elvebading.

Opningsfest, konsertar og foredrag

På kveldstid går det slag i slag med konsertar på Sundrehall med lokale og tilreisande aktørar frå eit vidt spekter og med musikalske ytterpunkt.

Festivalen startar fredag kveld med offisiell opning av Ål Sentralbanestasjon og den gamle jernbanevogna som er sett opp på dugnad.

– Då blir det ei musikalsk overrasking med eit kjent norsk band som me ikkje vil avsløre, seier Bjella.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterpå er det sambarock med Daily Hum. Øyvind Brabant spelar ein urban versjon av Fanitullen saman med til reisande trønderar.

Sundre Zoo

Laurdag ettermiddag og kveld er det folkefest på Sundrehall med grilling og konsertar, song og musikk i mange variantar og open scene.

Svartlamon Hardkor har tatt turen frå Trondheim. Bygdekoret «Kor for uss» framfører italienske fiskesongar frå Napoli.

Festkvelden har programtittelen Sundre Zoo.

– Me oppfordrar alle til å koma i dyrekledning. Ta med pels og vêrhår. Det kjem hare frå Berlin, kråke frå Oslo, sangfugl frå Øvre-Ål og kvige frå Leveld, seier festkomiteen.