Kvinne dømt – stal revolver
Ei kvinne frå Gol er dømt til fengsel på vilkår.
Hallingdal tingrett har dømt henne for trugsmål, tjuveri og narkobrotsverk.
Kvinna truga med å drepe ein politibetjent i Oslo, og la også eit belte omkring halsen til betjenten. I Gol stal ho 20.000 kroner, 1.000 euro og ein revolver frå ein bustad, og ho har oppbevart heroin, hasj, cannabis og amfetamin i Oslo. I tillegg var ho dømt for å ha oppgitt falsk namn til politiet ved to høve.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når retten dømde henne til fengsel på vilkår, sette den krav om at ho følgjer eit behandlingsopplegg for å kome ut av misbrukarsituasjonen.