No blir det dyrare å køyre her.
No blir det dyrare å køyre her.

Slik slår bompengeforliket ut

– Det blir litt dyrare for småbilar over Hardangerbrua. Samstundes blir det billegare for tungkøyretøy. Det seier Leiv Vambheim, dagleg leiar for Hardangerviddatunnelane.

Det var fredag for ei veke sidan statsminister Erna Solberg la fram ei bompengeskisse, som seinare same dag vart godkjend av alle fire partia i regjeringa.

Dyrare for personbil

Dagleg leiar for Hardangerviddatunnelane, Leiv Vambheim, seier til Hallingdølen at forliket inneber ein takstreduksjon for Hardangerbrua, men berre for tungkøyretøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

For personbilar skal det bli eit par kroner dyrare å køyre strekninga. Per no kostar det 145 kroner for personbil, med 20 prosent avslag med Autopass.

– For tungbilar blir det ein reduksjon frå 675 kroner til 450. Det kjem til å bli nokre kroner dyrare for personbilar, meldar Vambheim.

Grunnen til endringane er at tungbiltrafikken over Hardangerbrua er større enn venta, samstundes som det blei færre betalande personbilar over brua.

Illustrasjonsfoto frå 2015.
Illustrasjonsfoto frå 2015.
Illustrasjonsfoto frå 2015.
Illustrasjonsfoto frå 2015.

– Det køyrer så mange elbilar over brua, som til no har køyrt gratis. No må dei også betale noko, men eg er ikkje heilt sikker på kor mykje, seier Vambheim.

Ikkje sikkert for Sokna-Ørgenvika

Fylkesdirektør for samferdsel i Buskerud, Gro Solberg, melder ho ikkje er sikker på korleis bompengeforliket kjem til å påverke bilistane som køyrer forbi bomstasjonen ved Sokna-Ørgenvika.

– Me veit ikkje korleis det slår ut enno. Det står mykje forskjellig i bompengeforliket, så då er det vanskeleg å vite noko heilt sikkert om korleis det kjem til å påverke Sokna-Ørgenvika, seier Solberg.

Auke i trafikken

Tal frå 2019 samanlikna med tal frå same periode i 2018 viser ein liten auke i talet på bilar som køyrer Hardangerbrua.

– I dei fyrste seks månadene i 2019 var det litt fleire bilar, trass i at me ikkje fekk registrert påsketrafikken, då ein av stasjonane kor bilane blir registrert ikkje hang heilt med. Den kraftige trafikken er ikkje så mykje meir kraftig i år enn tidlegare år. I juli var det eit snitt på 3300 bilar over Vidda per dag, seier Leiv Vambheim ved Hardangerviddatunnelane.