Nils Trondskog Rukke bidrog med avgjerande hjelp då den sakna kvinna vart funne på Geilo natt til sundag. – Eg hadde ei kjensle av at det kunne vere verd å sjekke, seier han.
Nils Trondskog Rukke bidrog med avgjerande hjelp då den sakna kvinna vart funne på Geilo natt til sundag. – Eg hadde ei kjensle av at det kunne vere verd å sjekke, seier han.

Nils fann den sakna kvinna

Klokka 01.40 natt til sundag la drosjesjåfør Nils Trondskog Rukke merke til ei kvinne utanfor Dr. Holms Hotell på Geilo. Tre og ein halv time seinare fann han henne i snøen ikkje langt unna.

Då hadde kvinna i 40 års alderen frå Telemark vore sakna i tre timar.

– Eg hadde den siste sikre observasjonen av henne. Eg visste korleis ho såg ut, seier Rukke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiteaksjon

Observasjonen var høgst truleg med på å redde livet til kvinna.

Ho hadde vore på fest på Dr. Holms og kom bort frå følget sitt. I 02-tida vart ho meldt sakna. Utandørs var det ein av dei verste vêrdagane så langt i år med mykje vind og snø. Kvinna var ikkje kledd for dette vêret. To politipatruljar starta søk i området rundt Dr. Holms, der ho sist var observert. Signalement og opplysningar om den sakna vart henta inn. Også drosjesentralen på Geilo vart kontakta. Informasjonen som Rukke hadde hjelpte politiet å prioritere kor dei skulle søkje. AMK og Hovudredningssentralen vart varsla, og Hovudredningssentralen tok kontakt med Røde Kors Hjelpekorps og Norske Redningshunder.

– Hadde ei kjensle

I femtida denne morgonen hadde Rukke litt ekstra tid mellom turane.

Kvinna vart funnen ved dette skuret på Geilo natt til sundag. Då hadde ho vore sakna i fleire timar.
Kvinna vart funnen ved dette skuret på Geilo natt til sundag. Då hadde ho vore sakna i fleire timar.
Eg hadde den siste sikre observasjonen av henne. Eg visste korleis ho såg ut, seier Rukke.
Eg hadde den siste sikre observasjonen av henne. Eg visste korleis ho såg ut, seier Rukke.

Han bestemte seg for å ta ein tur for å leite. Den første staden han tenkte på, var langtidsparkeringa ved Geilo stasjon. På andre sida av stasjonen, like nedanfor Dr. Holms, går ein veg og ein parkeringsplass parallelt med jernbanen.

– Eg tenkte det kunne vere verd å sjekke. Eg hadde ei kjensle, og at eg burde gi det eit forsøk. Då eg passerte undergangen ved Dr. Holms, såg eg ingen hjulspor innover vegen. Det var flaks. Det var første plassen eg leita, seier Rukke.

Nesten i enden av parkeringa, utanfor eit lagerbygg, fann han kvinna. Det hadde gått meir enn tre timar sidan ho vart meldt sakna og kvinna var delvis nedsnødd. Omtrent på same tid leita politiet i Hegnavegen. Rukke ropte så høgt han kunne for å varsle. Kvinna var også delvis kledd i kvitt og derfor vanskeleg å oppdage, seier Rukke.

– Eg tok tak i ho. Då svara ho litt. Idet eg ringde ambulansen, kom politiet.

Viktig innsats

Etter kort tid var ambulansen på Geilo på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då hadde kvinna vorte gjeve livreddande hjelp av politiet. Kroppstemperaturen var livstrugande låg, men med ei tjukk jakke og ein jervenduk vart ho pakka inn. Så vart ho frakta til akuttmottaket på Ullevål sjukehus med ambulanse.

Om innsatsen til Rukke, seier politioverbetjent Odd Halvard Seterdal:

– Han bidrog aktivt i leitinga av den sakna kvinna og var den som fann henne i 05-tida. Me kan ikkje basere leiteaksjonar på drosjenæringa og postbod, men ofte gjer dei som jobbar ute om natta eit viktig bidrag. Og Rukke gjorde meir enn me kunne forvente.

– Eg har aldri vore borti noko slikt før. Det er rart det ikkje skjer oftare, men stort sett kjem folk seg inn i ein taxi, seier Rukke.

– Korleis er kjensla av å ha vore med på å redde eit liv?

– Eg trur alle hadde vore fornøgde viss dei har vore med på det.