Heile villreinstamma i Nordfjella blir skote ut for å hindre spreiing av skrantesjuke.
Heile villreinstamma i Nordfjella blir skote ut for å hindre spreiing av skrantesjuke.

Fryktar at skrantesjuke kan smitte menneske

Det kan vere spørsmål om tid før skrantesjuke smittar menneske.

Det meiner professor i mikrobiologi ved Colorado State University, Mark Zabel.

Åtvaringa kjem samstundes med nedskytinga av villreinstamma i Nordfjella. 2200 villrein skal utryddast innan 1. mai etter at det i 2016 vart påvist skrantesjuke på eit dyr. Så langt er det skote godt 1300 reinsdyr. Det er vorte teke hjerne- og lymfeprøver av alle dyra. Ifylgje dei siste oppdateringane er det påvist 14 tilfelle av skrantesjuke i Nordfjella.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Spørsmål om tid

Zabel fryktar at mutasjonar kan føre til at skrantesjuke smittar menneske.

– Dersom me går ut frå at skrantesjuke er ein relativt ny prionsjukdom, tyder dataene på at skrantesjuke-prionane berre så vidt har begynt å utvikle seg. Då er utviklinga av prionar som kan smitte menneske berre spørsmål om tid, sier Zabel til avisa Nationen.

Fyrst i USA

Skrantesjuke rammar hjernen til hjortedyr. Hjernen visnar hen og dyra døyr. Sjukdomen vart fyrst oppdaga i Colorado i USA i 1967. Sidan har den spreidd seg til fleire deler av USA og til Canada. I 2001 og 2004 vart dyresjukdomen også påvist i Sør-Korea. I desse tilfella kunne smitten førast attende til import av oppdrettsdyr frå USA.

Skrapesjuke

Korleis sjukdomen har kome til Norge og Nordfjella, er framleis ei gåte. Ulike teorioar verserer. Så langt har ingen løyst gåta.

Professor Zabell opnar for at svaret kan ligge i sauesjukdomen skrapesjuke. Denne vart fyrste gong påvist i Norge i 1981. I 1996 var det ein topp med 31 utbrot. Zabell meiner skrantesjuke kan vere ei form for mutert skrapesjuke. Men atter ein gong – dette er berre ein teori.

Kugalskap

Zabells er også bekymra for tempoet i utviklinga av sjukdomen. Viss skrantesjuka utviklar seg raskt, kan dette føre til mutasjoner som aukar faren for overføring av smitte til menneske. Det var det som skjedde då prionsjukdomen kugalskap vart ein alvorleg trussel for menneske. Står me overfor eit nytt kugalskapøyeblikk, spør Zabel i oppslaget i Nationen.