Det ser ikkje lust ut for vidare drift av Leirin som charterflyplass. Lokalt næringsliv må finne pengar i løpet av nokre få veker, dersom det skal vere liv laga for vidare flyaktivitet frå Leirin.
Det ser ikkje lust ut for vidare drift av Leirin som charterflyplass. Lokalt næringsliv må finne pengar i løpet av nokre få veker, dersom det skal vere liv laga for vidare flyaktivitet frå Leirin.

Flyplassen kan bli stengd 1. juli

Lokalt næringsliv har fått kniven på strupen. Innan få veker må ei finansiering vere på plass, elles er det kroken på døra.

Dersom det i løpet av dei næraste vekene ikkje er inngått ei avtale med lokale aktørar om overtaking av lufthavna, blir drifta avvikla 1. juli.

Dette er meldinga som gjekk ut frå Avinor i dag, 9.mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

"Avinor har vært i dialog med lokale aktører, men det er ikke kommet noen avklaringer, ei heller etablert et selskap vi kan sende regninger for driften til. Avinor planlegger derfor å stanse driften fra 1. juli i år", seier kommunikasjonssjef i Avinor, Gurli Høeg Ulverud i ei pressemelding.

Vidare er det vist til ramma for drift av Fagernes lufthavn slik det står omtala i oppdraget Avinor har fått frå Samferdselsdepartementet (SD) gjennom Prop. 19 S (2015–2016).

Følgande avsnitt legg føringar for videre drift:

«Regjeringa meiner at Avinor AS skal drive Fagernes lufthamn som rein charterflyplass fram til lokale eigarar kan overta ho, men ikkje lenger enn til 1. januar 2019. Dette føreset forlengd dispensasjon frå Luftfartstilsynet. Avinor skal drive lufthamna i den forfatninga ho har i dag. Ei ev. oppgradering av rullebanen ligg ikkje inne i forslaget. Det blir vidare føresett at lokalt næringsliv frå 2017 skal dekkje delar av Avinors kostnader for å vidareføre drifta, og at lokalt næringsliv i 2018 skal dekkje halvparten av Avinors kostnader.»