Gol kommune har sagt ja til at det kan bu asylsøkjarar i Pers Hyttepark i tre år. (Arkivfoto)
Gol kommune har sagt ja til at det kan bu asylsøkjarar i Pers Hyttepark i tre år. (Arkivfoto)

Ja til asylmottak i Pers hyttepark

Gol kommune har sagt ja til at Pers Hyttepark kan brukast til asylmottak i tre år.

Torbjørn Rustberggard har på vegner av Halling AS (tidlegare Pers Resort) søkt Gol kommune om mellombels bruskendring av 26 «vikinghytter», fire leilegheiter og to ordinære hytter ved Pers hyttepark.

Hytter som asylmottak

Bakgrunnen er at Halling AS har søkt UDI om å etablere asylmottak med 114 faste plassar og 28 stykkprisplassar. Sjølv om søknaden frå Halling AS ikkje er ferdigbehandla i UDI, ynskjer Rustberggard ei avklaring om kommunen godtek bruksendring frå hotell- og turistverksemd til asylmottak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har politikarane i utval for natur og næring (UNN) sagt ja til. Eit samla UNN har vedteke at Pers hyttepark kan brukast som ordinært, desentralisert asylmottak.

Omreguleringa er avgrensa til tre år med høve til forlenging i ytterlegare tre år.

Vedtaket er endeleg og skal ikkje vidare til formannskap og kommunestyre.

Ingen merknader

Politikarane meiner omsynet til reguleringsføremålet ikkje blir tilsidesett ved å gi dispensasjon.

– Bruken grensar opp mot reguleringsformålet, dispensasjonen er tidsavgrensa, og det foreligg ikkje nabomerknader. Etter ei samla vurdering blir dei samfunnsmessige interessene vurdert større enn ulempene, heiter det i vedtaket.

Vilkåret for å at det blir oppretta asylmottak i hytteparken er at det er blir gitt bruksløyve og ferdigattest for alle einingane, og at dei oppfyller krava til teknisk standard.

Lokale til undervisning, fellesareal, sanitæranlegg, uteområde og leikeareal må også oppfylle gjeldande krav.

– Berre hyttene

Utvalsleiar Jon Anders Hefte (Ap) seier til Hallingdølen at politikarane berre har vurdert søknaden etter plan- og bygningslova.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ikkje tatt stilling til anna enn det som kjem inn under plan- og bygningslova. UNN har gitt dispensasjon til ei omreguleringa av hyttene. Andre bygningar og krav som må oppfyllast for å opprette asylmottak, har ikkje me noko med, seier Hefte.

Han tilbakeviser at vedtaket er eit klarsignal frå Gol kommune til å opprette asylmottak i Gol sentrum.

– Det er ikkje vår oppgåve å ta stilling til om det skal opprettast asylmottak, seier han.

– Ditt synspunkt på asylmottak med inntil 142 personar i Gol sentrum?

– Personleg har eg ingen sterke meiningar om det bortsett frå at Gol kommune må stille opp som andre kommunar. Men storleiken kan diskuterast.