Skulen kan gleppe – men bakken står
Jubelen steig då Andreas Håtveit sette utfor den nyopna skulebakken. Resultatet vart ei knekt ski.
Skihopp: – Eg har hoppa 40 meter før, og her oppe knekte eg langrennsskia i ungdommen, men no trur eg jammen eg knekte twin-tipen også, seier Andreas Håtveit og kjenner etter på spensten på skia under foten. Det hindrar han ikkje i å ta eit hopp til.
– Dette var artig. Hadde me hatt slike bakkar då eg av yngre hadde det kanskje blitt fleire medaljar, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skuledebatt og nærmiljø
Det vart slik sett nyopning med brask og bram. Nærområdet til Hovet skule hadde begynt å gro igjen og hoppbakken, den femti år gamle «skulebakken», måtte enten rivast eller få seg ein real rehabilitering. Det vart det siste. Tysdag var det offisiell nyopning.
Det er på sett og vis kanskje i siste time, for i kveld fell også domen i kommunestyret for kva som vil skje med skulen si framtid.
– Me vil uansett ha levande grender. Dette er eit nærmiljøanlegg me likevel må ha, seier Siv Larsgard, leiar i FAU ved skulen.
Før og no
Paul Arne Overvoll er berre ein av fleire som har vore med på dugnad. Då han kom til Hovet i 1967 var bakken ganske ny.
– Eg hugsar ikkje heilt, men eg hoppa vel ein 10–15 meter før eg «la opp», seier han.
Kva som var bakkerekorden er uvisst. På eit tidspunkt vart bakken også utvida. Dagens unge hopparar har gjerne brett. Jonas Mørk Danielsen er skulegut og har brukt fleire ettermiddagar i det siste på ein skipark like under det som må vere bakkens K-punkt.
– Me bygde på litt sprett på hoppkanten. Det var betre å lande mens me endå hadde pudder.
– Kor langt hoppar de?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me hoppar ikkje lengde, seier brettkøyraren.
Samling
Det var varaordførar Ingjerd Almås Anfinset som tysdag klypte snora etter nokre velvalde ord. Ho har sjølv skulebakken som sitt nærområde, og i likskap med FAU-leiaren ser også ho det som viktig å våge å satse i grendene.
– Dette kan vere eit anlegg også for ein felles skule i øystre Hol, sa ho.
– Sjukt heldige
Ved bålplassen har det vore matservering under heile dugnadsperioden som starta i fjor haust. Linda Merethe Mikkelsen og Hildegunn Grøtt er blant dei som har stilt med mat til arbeidsfolket.
– Det har vore aktivitet her kvar kveld etter at me fekk lys, seier Grøtt.
Joren Sleeking, Sondre Ferl Runningshaugen og Lars Ivar Eriksen Larsgard er blant dei som har vore aktive.
– Me kan vere meir saman. Her kan me vere både i skuletida og me kan henge her etter skulen, seier dei.
– Dei er sjukt heldige som har fått ein slik plass som dette, seier Håtveit.