Anne Guri Hodnungseth.
Anne Guri Hodnungseth.

Best på 2. karusell

Over femti skyttarar deltok då andre runde av hallingdalskarusellen i skyting gjekk i Hol sist helg.

Best av desse vart Anne Guri Hodnungseth (Ødegården) med 245. poeng. Vidar Auve, Geilo og Gunhild Stake, Gol følgde deretter med 244.

Artikkelen held fram under annonsen.

Odd Harald Åmellem (Hovet og Hol) vart best i V55 med 244 poeng. Kjell Engene (Bromma) vann i klasse V65 med 248 poeng, og vart best av veteranane. Asbjørn Hov (Hemsedal) toppa klasse V73 med 243 poeng.

I dei andre klassane vart Paul-Arne Overvoll (Hovet og Hol) best i klasse 3 med 234 poeng, medan Susanne Andersson og Jarle Bu, begge Hemsedal toppa klasse 2 med 239. Lene Nilsestuen, Hadding vart beste 1.-klassing med 242 poeng.