OL-snø i haustferien
Fyrste laurdagen i haustferien køyrde folk på påskesnø i Havsdalen.
Geilo satsar på rekordtidleg sesongopning for alpine treningsgrupper. I Havsdalen har dei teke vare på snøen som fall i fjor. Den har «oversomra» under eit beskyttande dekke, ein spesialduk. Dei har også produsert meir snø fortløpande i sin eigen snøfabrikk på toppen. Den lagar snø sjølv i varmegrader. Laurdag fekk NTG, Hallinglaget og Geilo IL Alpin teste bakken. Haustferie-folket fekk også prøve seg gratis nokre timar opningsdagen. Elles er bakken øyremerkt treningsgrupper, men enkelte dagar i haustferien vil dei ha ope for alle.
((Qid=0D4BDECE))
Artikkelen held fram under annonsen.
Svært vellykka
Det var faktisk ein verdssensasjon i Havsdalen laurdag. Det er nemleg ikkje vanleg å lagre alpinbakkesnø over sommaren. Og for fyrste gong i historia kunne gjestene ta med seg alpinski på haustfjellet. Skitraseen var 30 meter brei og om lag 400 meter lang og hadde påskeføre, skal me tru gjestene som testa bakken. Helena Stærkeby og Stian Gurigard hadde teke turen frå Drammen for å møte familie – og teste skibakken.
– Som å køyre på ein varm dag i påsken, smiler Gurigard som hadde lese i avisa at skibakken hadde gratis prøvekøyring for gjester under opninga.
– Det var litt varmt med superundertøy, då, smiler Stærkeby som hadde kledd seg for skikøyring, ikkje ein varm septemberdag.
Frå sykkel til ski
Horten-familien med hytte på Torpo gleda seg til sesongens fyrste skikøyring. I staden for syklar, hadde Gitte Idås, Marius Gunneng og Ulrikke Gunneng i år med seg alpinskia på haustferie. Dei hadde lese om tilbodet på Facebook og var ikkje seine med å finne fram skia.
– Me startar haustferien på ski, det har me aldri gjort før. Så få me gå på beina etterpå, smiler Marius Gunneng.
– Dette var jo ikkje i planane våre, men då me las om alpinbakken, måtte me ut i uthuset og leite fram skia. Heldigvis var dei ferdig preppa, smiler Gitte Idås og legg skia på skuldra. No blir det eit par timar på ski, omgitt av gyllent lauv på alle kantar.
– Men det var litt vanskeleg å vite kva ein skulle ha på seg, på ski i ti varmegrader. Dette blir ei ny oppleving, smiler pappa Marius.
– Heilt vilt, som betong, uttala ein strålande nøgd turistsjef Pål K. Medhus som stod på ski i bunad for å feire hendinga. Han trur at ein fem-seks anlegg vil kome til å prøve seg på dette alt frå neste haust.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Haustferien er ein utfordrande periode å fylle opp. No kan folk starte skisesongen alt i haustferien, smiler han.
Overraskande bra
Dei som fekk prøve bakken laurdag var overraska over dei gode forholda. Av dei 30.000 kubikkmeter med snø som vart lagra over sommaren, var det att om lag 18.000 kubikkmeter. I tillegg har snøfabrikken produsert om lag 100 kubikkmeter i døgnet, totalt 24.000 kubikkmeter. Området ligg 1000 moh. i nordvendt terreng og egnar seg godt til dette prosjektet.
Geir Ødegaard Olsen er mannen bak sommarsnølagringa. Han har lang erfaring innan snøproduksjon – og lagring. Mellom anna var han med å gjere det umoglege mogleg i Sotsji under Vinter OL.
– Trenarane her i dag er veldig positivt overraska. Dei har ikkje sett så god snø på lenge, smiler Olsen som har sjekka snøen med snøbor og konstatert at den er solid.
– Denne snøen kunne me køyrd eit OL på, seier han nøgd. Han legg til at det har kome ekspertar heilt frå Helsinki for å sjå kva dei har fått til. Snøguruen Mikko Martikainen jobbar med same prinsippa for langrennsløypene heime i Finland – og er med og løyser snøproblem i mange andre land, mellom anna i Sotsji.
– Me har gjort dette i langrennsløyper i 12 år. Men ideen fekk eg faktisk då eg stod på ski for over 30 år sidan i Norge, smiler han. Martikainen fortel at snøen i løypa i Havsdalen er god.
– Snøen er perfekt, førebuingane er perfekte og til og med musikken er perfekt, smiler han omringa av skikøyrarar, musikk og ein skiheis som går.
Gjenbruk av snø
– Dette er gjenbruk av snø. Det må jo vere miljøvennleg, smiler Olsen. Han legg til at snøen kjem til å bli liggjande gjennom vinteren. Så god er den no.
Artikkelen held fram under annonsen.
– No må me berre behandle snøen med litt salt og vatn, fortel han og legg ut om prosedyrane som må til.
– Dette er fyrste gong i verda dette blir gjort for alpint. Ein heilt ny måte å sikre snø på. Det kan vere spesielt interessant for kystnære strøk og på Austlandet, seier han. No skal prosessen også forskast på. Denne veka kjem det studentar som skal ta hovudoppgåve på tidlegsnø-prosjektet.
Pilotprosjektet har synt at dette er rette måten å lagre snø på. Det blir nok tidleg alpinstart på Geilo også i 2016. Under opninga laurdag vart det lova ein dobbelt så stor bakke neste år.