Overlege Rune Rindal og fag-bioingeniør Ingeborg Oskam ved Hallingdal sjukestugu treng meir blod. Situasjonen er kritisk og det hastar med å få tak i fleire blodgjevarar i Hallingdal.
Overlege Rune Rindal og fag-bioingeniør Ingeborg Oskam ved Hallingdal sjukestugu treng meir blod. Situasjonen er kritisk og det hastar med å få tak i fleire blodgjevarar i Hallingdal.

Kritisk blodmangel i Hallingdal

Helsepersonell ved Hallingdal sjukestugu og Ringerike sjukehus fryktar liv kan gå tapt om dei ikkje får inn meir blod.

Går du med tankar om å bli blodgjevar, er tida absolutt inne no. Mangelen på rett type blod er kritisk i Hallingdal. Kjem det ikkje fleire blodgjevarar snart, kan liv gå tapt.

–Me treng mange blodgjevarar, men det er spesielt ein type blod me treng mykje av; – Null resus negativ. Veit du at du har det, ynskjer me blodet ditt. Årsaka er at det er ein blodtype som kan brukast av alle og blir brukt i krisesituasjonar som til dømes bilulukker, fortel overlege Rune Rindal og fag-bioingeniør Ingeborg Oskam ved Hallingdal sjukestugu.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor mangel

No ber dei hallingane om å bretta opp armane og gje blod.

– Det er ein høg frekvens av hallingar som har akkurat den blodtypen som me treng, difor hadde det vore flott om folk melde seg no.

Tysdag var det seks posar blod att hjå blodbanken på Ringerike. Fire av dei var alt bestilte. Dermed begynte eit arbeid med å få tak i meir blod av same typen. Med unntak av eit sjukehus var det tomt for null resus negativ over heile Austlandet.

Sjukestugu i Hallingdal manglar blod. Onsdag ettermiddag var blodlageret heilt tomt. No treng dei hjelp frå hallingane til å fylle det opp att.
Sjukestugu i Hallingdal manglar blod. Onsdag ettermiddag var blodlageret heilt tomt. No treng dei hjelp frå hallingane til å fylle det opp att.

– Me fekk hjelp frå sjukehuset på Gjøvik. Dei hadde heller ikkje meir blod enn dei trong sjølve, men gav oss likevel to posar. Slik greidde me oss gjennom dagen i går. Seinast natt til onsdag hadde luftambulansen bruk for blodet.

For helsestellet er det både tidkrevjande og slitsamt å heile tida vera på leiting etter blod.

– Kva skal folk som ynskjer å gje blod gjera?

– Dei kan anten prøva å ringe meg på sjukestugu eller registrere seg på giblod.no. Det beste er om folk registrerer seg på nettet, så kan me ta kontakt, fortel Oskam.

Liv kan gå tapt

På blod-lageret til Hallingdal sjukestugu er det svært blodfattig for tida. Kjølen som blodet blir lagra i var heilt tomt onsdag ettermiddag. Skulle det skje ei ulukke og det var behov for blod, ville korkje ambulanse, luftambulanse eller sjukestugu kunne bidrege med blod til den eller dei skadde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med ein slik blodmangel blir beredskapen vår svekka. Liv kan og vil gå tapt om den eller dei skadde ikkje får det blodet som trengst, fortel Rindal.

Sjukestugu og helseføretaka i heile austlandsområdet opplever samstundes at det er auka trafikk etter vegane. Fleire av fritidsaktivitetane blir meir og meir ekstreme. Det fører til at behovet for meir blod også er aukande.

– Kom å gje blod no, det kan like gjerne vera du som treng livsnaudsyn blodoverføring neste gong, er oppmodinga frå overlege Rune Rindal.