Det minste av to vonde
Dagsenteret ved Gol helsetun står i fare for å bli lagt ned. Ei avvikling vil gje 1 million kroner i innsparing.
Hanna Weløy er avdelingsleiar for omsorg institusjon. Ho har ansvar for å finne innsparingar i sjukeheimen, dagsenteret og kjøkkenet ved Gol Helsetun. Tysdag fekk ho melding om at ho innan torsdag må leggje fram forslag til tiltak som kan gje 1 million kroner i innsparing. Det er ingen enkel jobb.
Kjøkken eller dagsenter
– Uansett kor me kuttar, kjem dette til å svi. Innsparinga kan ikkje gå ut over den faglege kvaliteten på sjukeheimen. Sjukeheimen er ei lovpålagd teneste. Dagsenteret for heimebuande demente og kjøkkenet er ikkje lovpålagde tenester. Viss me må kutte, må det skje her, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjøkkenet er i hovudsak sjølvkostfinansiert. Dei leverer mat både til helsetunet og heimebuande, meir enn hundre kvar dag.
– Å kutte her, vil føre til at heimetenestene må bruke meir tid på å varme opp mat. Eg kjem til å innstille på kutt i dagsentertilbodet. Me treng dagsenteret i aller høgste grad, men slik eg ser det, er dette det minste av to vonde, seier ho.
– Har kutta og kutta
Aud Torill Sæbø er avdelingsleiar for helse. Også ho har fått i oppdrag å finne 1 million kroner i innsparingar. Då Hallingdølen prata med ho tysdag, var ho ikkje i mål.
– Me har drive med innsparingar i mange år og har alt kutta det som er ikkje er lovpålagd. Me må yte mindre tenester enn me har gjort før. Dei som treng tenestene mest, vil bli prioritert. Me har frist til torsdag. Eg må prate med fagleiarane før eg legg fram ei konkret liste, seier ho.
Sjukefråvær kostar dyrt
Helene Holand er fungerande avdelingsleiar i tenestene til psykisk utviklingshemma. Ho må finne forslag til innsparingar på 1,5 millionar.
– Me har starta eit arbeid med å gå gjennom dei tenestene som er tildelt kvar enkelt brukar. Me vil sjå på alle desse vedtaka på nytt. Me vil også vurdere turnusen og sjå om det er råd å redusere talet på stillingar. I tillegg må me jobbe for å få ned sjukefråveret. Altfor mykje pengar går med til sjukefråvær, seier ho.
Ho trur også at det er råd å auke inntektene, gjennom høgare statleg refusjon for ressurskrevjande tenester.
– Me kjem også til å organisere tenestene på ein annan måte i dag. På sikt trur eg det er pengar å spare på det.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tenestenivået må ned
Kristian Damstuen er kommunalsjef for samfunn og utvikling. Han er leiar for avdelingane som jobbar med veg, vatn/avløp, eigedomsforvalting, reinhald og vaktmeistertenester, utbyggingsavdelinga, landbruk og miljø og må spare 1,5 millionar innanfor desse områda.
– Me har lenge visst at 2016 blir tøft, og at 2017 blir endå tøffare. Me skal gjere rådmannen i stand til å levere eit budsjett som går fire millionar i pluss. Me har ikkje 1,5 million for mykje, så dette vil få konsekvensar. Det må gjerast noko med tenestenivået, seier han.