Terje Isungset har komponert musikken til danseframsyninga Is-slottet. Mykje blir spelt på isinstrument. (Arkivfoto)
Terje Isungset har komponert musikken til danseframsyninga Is-slottet. Mykje blir spelt på isinstrument. (Arkivfoto)

Laga musikken til Is-slottet

Terje Isungset frå Geilo har skrive musikken til danseframsyninga Is-slottet.

Danseframsyninga Is-slottet hadde premiere på Den Norske Opera og Ballett 27. mars. Det er Terje Isungset frå Geilo som har skrive musikken til framsyninga som er laga av Tarjei Vesaas’ roman med same namn: Is-slottet.

Musikken blir til dels spelt på instrument av is, og musikken er nykomponert og naturinspirert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framsyningane går til 17. april.

Historia om Siss og Unn og deira dramatiske venskap blir fortalt med eit moderne dansespråk.

Det er Kristian Støvind som står for koreografien. Ti kvinnelege og tre mannlege dansarar frå Nasjonalballetten er på scena saman med hovudrolleinnehavarane Lisa Nielsen og Victoria Francisca Amundsen.

Dramaturg Bibbi Moslet har vore med på å overføre klassikaren til scenene. Tine Schwabs står for scenografien, og Øyvind Wangensteen for lyssetjinga.

Is-slottet kom ut i 1963. Året etter fekk Tarjei Vesaas Nordisk råds litteraturpris for romanen.