Jenta vart teken hand om av ambulansemannskap og sendt til sjukehus. Politiet fekk melding om ulykkka sundag klokka 15.42. (Arkivfoto)
Jenta vart teken hand om av ambulansemannskap og sendt til sjukehus. Politiet fekk melding om ulykkka sundag klokka 15.42. (Arkivfoto)

Jente skadd i ATV-ulykke

Ei jente i tenåra er skadd i ei ATV-ulykke i Nordbygdene i Ål.

Ulykka skjedde ifølgje politiet langs Fv244 mellom Leveld og Vatsfjorden. Jenta var aleine på ATV-en, køyrde av vegen og kolliderte med eit tre.

Ifølgje politivakta på Ringerike var det forbipasserande som oppdaga ulykka og fekk varsla nødetatane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jenta vart teken hand om av ambulansemannskap, og sendt vidare med luftambulanse, opplyser politiet til Hallingdølen.

Jenta var sundag kveld bevisst og til behandling ved Ringerike sjukehus.

Politiet vil ikkje opplyse eksakt alder på den skadde, men ho hadde gyldig førarkort for ATV. Aldersgrense for denne typen førarkort er 16 år.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 15.42.